Reisebrev frå eit Grønt Spa´tak-opphald.
Kvar sumar i tretti år har ungdom mellom 16 og 30 år reist rundt på gard, til seters og på beitetilsyn for å få eit innblikk i korleis kvardagen til bønder er i røynda. I år har det rekordpåmelding av spatakistar – deltakarar på Grønt spatak, med godt over hundre unge som ville prøve seg på gardslivet.
To av dei var oss, Ingvill Mathilde frå Harstad og Per Midthun frå Elverum, båe to er sytten år gamle. Me har blitt kjend med kvarandre i Natur og Ungdom (NU) og blei introdusert til Grønt Spatak gjennom NU. I år tok me til å melde oss på Grønt Spatak, både for å lære meir om korleis det er å drive gard, lære meir om dyrestell og mjelking, men også for å vere nær naturen og nyte den norske sumaren ein annan plass enn vanleg.

Ingvill og Per på fjelltur. Bildet er tatt på Vårsamling tidlegare i år. Foto: Jesper Stattin.
Me vart utplassert hjå Irene på Nystaul i Åmotsdal i Telemark. Me vart henta av Irene på Seljord og køyrde rett til Åmotsdal for å innlosjere oss i heimen vår dei neste ti dagane.
Me laga oss middag om ettermiddagen og allereie fyrst kvelden fekk me vere med på mjelkinga av geitene. Ingen av oss har drive særleg med dyrestell eller mjelking før, so det var nye oppgåver me fekk bryne oss på.
Mjelkinga tok mellom ein og to timar, og gjekk føre seg om morgonen og kvelden. Det var om lag 120 geiter som skulle mjelkast kvar gong, med ein mjelkestall som hadde plass til 20 geiter, med ti mjelkemaskiner.
I tillegg til mjelkinga hadde me i oppgåve å sjå etter dei tre grisane, med namn Snipp, Snapp og Snute, som budde oppe på staulen saman med oss. Me vatna også blomane og klipte graset for å halde det fint på staulen. Dagane gjekk også til mykje lesing, skriving, teikning og litt speling, både gitar og brettspel. På staulen hadde me også ein radio som vart flittig brukt, oftast kunne ein høyre NRK Jazz ljome frå radioen.
Dei fyrste dagane var det ein del regn, då var det både fint å krype inn i bygget kor me sov og hadde ei stove, men også å sitje ute med eit pledd om beina og lytte til regnet som pøsa ned. Utover veka var det meir opplett, nokre dagar var det utruleg varmt og då var det fint å halde seg i ro. Ein dag i midten av opphaldet fekk me vere med Irene, bonden vår, på ein tur til ein topp i nærområdet, saman med venninda hennar. Dagen etter gjekk me opp til eit tjønn ein stykke ovanfor staulen, der Ingvill tok seg eit svært kaldt, men forfriskande bad.
På dag tre var det varmt nok i vêret til at Irene kunne koke prim. Det har seg nemleg slik at det må vere relativt varmt i vêret for at ein skal kunne koke prim, om det er for kaldt kjem ikkje osen frå kokinga seg ut frå kokebua, og då blir ikkje primen rett. Me fekk vitje prosessen, og smake på primen i løpet av prosessen, det var særs godt.


Ein sit att med mange tankar, opplevingar og ei kjensle av meistring etter ein er ferdig på Grønt Spatak. Det fyrste ein må lære seg er at det er greitt, og uungåeleg å gjere feil. Ein trør inn i noko heilt nytt, som dei fleste ikkje har vore borti før. Og ein er til stades både for å lære, men også for å jobbe. Difor er det vintig at ein tek fram det nevenyttige i seg og bidreg alle stader ein kan.
Det er av feil ein lærer best, og for å lære mest må ein gjere feil. Bonden du er hjå har drive med dette lenge nok til å ha gjort mange av dei same feila, so det er berre å stille spørsmål og seie ifrå om noko går gale – so ordnar det seg.
Ting skjer, slik er det berre. Men det er korleis ein løyser det som er det viktige, og når ein støtar på ei utfordring er det viktigaste å finne ei løysing for å halde fram med arbeidet. Då me fekk tiltrua til å mjelke på eigenhand, var det utfordringar som dukka opp, store og små, men me løyste dei og helst fram, og det lærar ein utruleg mykje av.

Etterkvart som dagane vart me meir og meir drevne, og det gøyaste var å få tiltrua til å gjere mjelkinga på eigenhand. På slutten av opphaldet gjorde me alle mjelkingene om kvelden åleine.
Eg vil anbefale alle som vurderer Grønt Spatak om å melde seg på, og om du er bonde sjølv, meld deg på som vertskap. Då får du ivrige ungdommar som vil lære meir om arbeidet du står i kvar dag – året rundt. Du gir dei moglegheita til å tileigne seg uvurdelig kunnskap som ein berre kan lære i praksis. Me takkar Irene so mykje for opphaldet, og for tolmoda.
Sumarhelsing frå Ingvill Mathilde Torgersen

