Putsj logo

Et magasin for unge om

Søk
Close this search box.
Søk
Close this search box.
Søk
Close this search box.

Makta til miljørørsla

Det er viktig å sjå tilbake på dei sigrane me i Natur og Ungdom har oppnådd gjennom tidene for å hugse kva me kjempa for. Her er nokre av dei.
TEKST
Ingvill Mathilde Torgersen

FOTO
Fra Natur og Ungdoms arkiv.

Bilde: Natur og Ungdoms arkiv. Fra aksjon ved Jøssingfjorden på 1980-tallet.

Det er viktig å sjå tilbake på dei sigrane me i Natur og Ungdom har oppnådd gjennom tidene for å hugse kva me kjempa for. Her er nokre av dei.

Sivilt ulydig for fyrste gong

15. juni 1983 hadde Natur og Ungdom sommarleiren sin i Knubedal ved Jøssingfjorden i  Sør-Rogaland. Leiren vart etablert for å hindre Titania A/S i å førebu utlegging av utsleppsleidninga ut til Djungadjupet. Jæren Natur og Ungdom var bekymra for at utsleppa skulle trekkje lengre inn i fjorden enn det som var forutsett. Tross ei rekkje med demonstrasjonar og aksjonar, vart leidninga lagt likevel. Jæren Natur og Ungdom kjempa hardt mot Titania A/S.

Jæren NU ville aksjonere ulovleg, men Natur og Ungdom sentralt ynskja prinsipielt ikkje å arrangere sivilt ulydige aksjonar. Landsstyret som satt på den tida stemte også ned sivil ulydnad som verkemiddel då Titania-aktivistane kom med forslaget. Det var fleire grunnar til at landsstyre stemte ned forslaget, ein av dei var at det ikkje var lagt fram eit konkret forslag til aksjon. Jæren Natur og Ungdom gjorde det likevel, i eige namn. Aksjon blei det, og Jæren NU valte å aksjonere ved å okkupere delar av røyrleidningar som låg bunta saman inne i fjorden. Dette blei den fyrste sivilt ulydige aksjonen i Natur og Ungdom si historie. Til slutt vant Jæren Natur og Ungdom. Det tok ein lang kamp med sjøblokade, demonstrasjonar, fleire sivilt ulydige aksjonar, og to miljøvernministarar før Titania vart pålagt å byggje eit landdeponi. I 1990 vart kampen krona med siger. Dette markerte starten på sivilt ulydige aksjonar i Natur og Ungdom. 

Waffel mot Wisting 

Verdas nordlegaste oljefelt. Wisting. Planlagt utbygd i Barentshavet, i det sårbare Arktis. Eit oljefelt der ei ulykke vil få katastrofale konsekvensar for sjøfuglen som bur der og naturen som me er avhengige av.  

Oktober 2022 vart det mobilisert tallause aksjonar over heile landet, alle med same bodskap, same motivasjon – STOPP WISTING! Og til vår store jubel, 10.november 2022 kom nyheita om at Equinor utsette Wisting til 2026. I praksis tyder dette at Wisting er skrinlagt. Equinor skylde på økonomien, men me veit at det var det politiske presset frå ei samla miljørørsle. Saman med politiske parti, ungdomsparti og organisasjonar stoppa me Wisting. Dette var ein historisk siger. Denne sigeren viser kor mykje makt ein har når ein legg bort anna politisk usemje og kjempa saman om ein sak. Me har aldri klart å stoppe eit oljefelt so langt inn i planlegginga. Men med tusenvis av unge og eldre som samla seg over heile landet, som stekte vaflar, skreiv til avisene, demonstrerte og engasjerte seg, klarte me det. Me stoppa Wisting!  

Bilde: Rasmus Berg

Kampen for ein rein fjord 

Repparfjorden. Ikkje berre ein kampsak mot gruvedumping, men ein kampsak for samiske rettar. 14. februar 2019 ga Nærings- og fiskeridepartementet Nussir ASA driftsløyve for gruvedrift og deponering av gruveavfall i Repparfjorden. Nussir ASA planla å starte anleggsarbeidet ved Repparfjord i løpet av sommaren 2021. Natur og Ungdom arrangerte same sommar ein 100 dagar lang aksjonsleir med 300 deltakarar og over 3000 besøkande. Aksjonsleiren i Repparfjord førte til at den viktigaste investoren trekte seg frå prosjektet. Hammerfest kommune vedtok førebels stans i bygginga 1. oktober 2021. 4.mars 2022 uttalte Statsforvalteren i Troms og Finnmark at dei trekk tilbake avfallsløyva til Nussir ASA. Dette tyder ikkje at prosjektet er skrinlagt, men det er ein viktig siger i kampen mot gruvedumping i Repparfjorden.   

Bilde: Repparfjorden, Natur og Ungdom

Gule hattar og kvit fisk 

Det er gule hattar å sjå over heile landet. Gammal og ung samla seg for å aksjonere mot Oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten og Vesterålen blir danna på initiativ frå Natur og Ungdom i 2009, då Lofotaksjonen og Vesterålaksjonen vart satt saman. Denne kampen gjekk føre seg i mange år, 10 år etter Folkeaksjonen vart stifta, vant me! Etter mange år med fakkeltog, aksjonscamp i Kabelvåg, samleplate, teikneseriar og vardebrenning vart Lofoten, Vesterålen og Senja varig verna mot petroleumsindustrien!   

Bilde: Thor Due

Fosenaksjonane – planlagt og over på ei veke 

Alle mindre sigrar i miljøkampen er ein del av eit stort puslespel, til dømes anerkjenninga av menneskerettsbrota mot samane på Fosen. Anerkjenninga som me fekk etter over ei veke med sivilt ulydige aksjonar og støttemarkeringar landet over. Men ei anerkjenning er langt ifrå nok. Me treng handling. Ein slik siger er framleis viktig i kampen for reindriftssamane på Fosen. Tenk den makta det samiske folket saman med miljøaktivistar har. Makta til å stenge staten.  

 Frå små sigrar til store gjennombrot  

Kampane me kjempar i miljørørsla er utruleg viktige,  båe no, og for dei som kjem etter oss. Alle demonstrasjonane og aksjonane vi gjennomfører og lesarinnlegga vi skriv har stor påverking på korleis framtidige generasjonar kjem til å leve. Det er dei små sigrane ein får på vegen som gir viljestyrke for å kunne fortsette. Dei små sigrane som fører til store gjennombrot. Alle sigrane me oppnår gir oss pågangsmot og viljestyrke til å ta kampen i eigne hender, og fortsette å kjempe. 

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme