Kontroversielle Rosebank erklært UGYLDIG!

Marius Moldsvor skriver om dagens miljøseier: Rosebank er stoppet!

Søksmålet frå Greenpeace og Uplift UK mot Equinor sitt katastrofale oljefelt Rosebank endte med at ein skotsk domstol 30. januar annullerte godkjenninga Equinor og Ithaca Energy hadde for feltet.

Rosebank-feltet utanfor Shetland, viss utbygd, vil bli Storbritannia sitt største oljefelt. Forbrenninga av olja frå feltet vil gje utslepp på ca. 200 millionar tonn CO2 – meir enn dei årlege utsleppa til dei 28 fattigaste landa i verda. Feltet vil også vere eit katastrofe for menneskerettar, då Equinor samarbeidar med Ithaca Energy, eit selskap eigd av Israelske Delek Group, som står på FN si svarteliste over folkerettsstridige investeringar på okkupert jord i Palestina.

Planer på is og Finch-saken

Retten slo fast at den britiske regjeringa ikkje vurderte klimaeffektane godt nok før dei gav Equinor og Ithaca Energy godkjenning til å byggje ut feltet i 2023. No går saken tilbake til den britiske Labour-regjeringa, som heldigvis har stilt seg negative til prosjektet. Akkurat no står alle nye fossilsøknadar på vent i Storbritannia, i vente på nye reguleringar rundt ny oljeboring. Årsaka er en dom frå den britiske høgsteretten, den såkalla Finch-saken, som pålegg staten å vurdere alle klimautslepp forbundet med nye oljeprosjekt, også utsleppa som kjem av forbrenninga av olja – noko som tidlegare ikkje har måtte reknast med.

På grunn av denne dommen, vil ikkje Rosebank kunne få ei ny godkjenning før seinare denne våren, noko vi håpar dei ikkje får. I tillegg til dette, vil dei neste månadane og vala den britiske regjeringa tek – ha mykje å seie for framtida til olje og gass i Storbritannia. Difor fortset kampen mot menneske- og klimafiendleg fossil energi for fullt, blant anna gjennom ein stor kampanje for å fortelje britiske parlamentsmedlemmar at nye fossilprosjektar og ei grøn framtid ikkje fungerer saman.

Eksistensiell trussel for oljeindustrien

Equinor kan i praksis fortsetje å byggje ut feltet, men kan ikkje ta opp olje før dei har fått ei ny godkjenning. Equinor og Ithaca Energy kan anke dommen, men det er usikkert om det vil føre fram på grunn av den sterke presendesen frå Finch-saken.

No må Storbritannia heller gå inn for ei storstilt satsing på fornybar energi, som vil vere bra for energisikkerheit, oljearbeidarar og lokalsamfunnet på Shetland og i Skottland. Dette er ein stor siger for klimaet, som kan få konsekvensar for korleis Noreg og Equinor må tenkje rundt oljeproduksjon og kontroversielle utanlandsprosjekt.

Tekst: Marius Moldsvor (Internasjonalt utvalg, Natur og Ungdom)
Foto: Robert Ormerod / Greenpeace.

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme