Partia Høgre, Venstre og MDG har fatta tydelege vedtak om at dei vil ha Noreg inn i EU, Arbeidarpartiet og Krf er godt nøgd med EØS, og Frp, Senterpartiet, SV og Raudt er sterkt imot eit norsk medlemskap. Dette er altså ein debatt som ikkje følg dei vanlege politiske skiljelinjene.
Vi i internasjonalt utval har jobba med dette lenge, og spesielt etter at Natur og Ungdom fjerna sitt klare nei-standpunkt under landsmøtet i januar 2024. I mai same år møtte vi Paal Frisvold frå Greenpeace, som er for norsk EU-medlemskap, og Helga Hustveit frå Nei til EU, som er sterkt imot. Vi spurte dei to, som begge er klimaopptekne, om dei kunne forklare sitt EU-standpunkt frå eit klimaperspektiv.

EU – den viktigaste klimaorganisasjonen i verda
Frisvold argumenterer for at eit norsk EU-medlemskap er det vi treng for å faktisk klare den grøne omstillinga i Noreg. Han meiner EU er meir enn eit marknadssamarbeid, at det er ein politisk og juridisk struktur med reell gjennomføringsevne. Gjennom direktiv, forordningar og sanksjonar kan EU halde medlemslanda ansvarlege for klimamål, noko som skil det frå til dømes FN, der forpliktingane i stor grad er frivillige.
Han omtalar EU som den viktigaste klimaorganisasjonen i verda, og synest Noreg treng det ytre presset EU kan gje. Norske klimamål blir ikkje nådd, medan EU har redusert sine utslepp betydeleg meir enn Noreg. Han meiner dette viser at Noreg må gå saman med EU om oppgåva. Han peiker vidare på EU sin progressive klimapolitikk, med deira Green Deal som eit godt døme. Klimalovgjeving frå EU, som Noreg har gjennom EØS, er også grunnen til at NU kunne klage på regjeringa si forureining av Førdefjorden gjennom Fjordsøksmålet.

Han kritiserer også EØS-avtalen for å gje oss EU-reglar utan medverknad. Slik det er no, meiner han at Noreg verken påverkar politikken eller gjennomfører han raskt nok. EØS blir eit “prokrastineringsprosjekt”, der viktige klimatiltak frå EU blir forseinka.
For Frisvold handlar ikkje spørsmålet om EU om å miste suverenitet, men om å få påverknad der politikken blir forma. Han kallar dette moderne suverenitet, og meiner sjølvstende i dagens verd krev “samråd framfor sjølvråd”.
Folkestyre – ikkje frimarknad og fjern makt
Hustveit meiner norsk medlemskap i EU svekker demokratiet og gjer det vanskelegare for folk og sivilsamfunn å påverke politikken. Avgjerder i EU blir tekne langt frå dei det gjeld, og store aktørar har størst innverknad. For grasrotorganisasjonar som NU er det lettare å påverke i Noreg, enn i Brussel.
Ho meiner EU manglar demokratisk legitimitet, med låg valdeltaking og svake band til folket. Ho fryktar at dette svekker engasjementet for politikken og gjer klimaomstillinga mindre forankra i folket.
Sjølv om ho anerkjenner at EU har vore drivande i klimapolitikken, meiner ho det ikkje finst garantiar for at dette held fram. Prioriteringane endrar seg i såkalla femårsplanar, og no er ikkje klima like høgt oppe som før. Samstundes peiker ho på at klimafiendtlege høgrepopulistiske partia veks i Europa, og at sterk lobbyisme frå fossilindustrien og finanssektoren kan påverke politikken negativt.

Hustveit peiker også på at EU sin landbrukspolitikk vil svekke norsk sjølvforsyning, og at EU ønsker meir gruvedrift i nord, noko som ho meiner vil gå hardt utover urørt natur og samisk kultur. Ho meiner også at EU sitt frihandelsprinsipp medfører store utslepp knytt til transport og oppfordrer til overforbruk.
Ho meiner Noreg står sterkare utanfor EU, med større moglegheit til å føre ein sjølvstendig klimapolitikk, og til å påverke i globale forhandlingar som COP. Ho meiner at vi innanfor EU ville hatt ein liten innverknad politisk, sidan vi er så få innbyggarar. På EØS-kritikk, viser ho til at ein kan få andre avtalar, og fortel om Sveits sin bilaterale avtale, som gjev dei meir makt ovanfor nytt lovverk.
Ein kompleks debatt
Argumenta til Paal og Helga viser tydeleg at spørsmålet om norsk EU-medlemskap handlar om meir enn klima – det handlar òg om demokrati, suverenitet, matberedskap og naturvern. Personleg har eg ikkje blitt meir sikker i min sak rundt EU, men motivert til å lære meir og førebu oss på ein debatt, som eg tenkjer er viktig at vi tek. Vi i utvalet veit at tema som landbruk, fiskeri og suverenitet har vore viktig for NU sitt EU-nei tidlegare, men korleis skal vi stille oss til dette, når vi ser eit EU som er langt meir frampå i klimapolitikken. Det blir spennande å sjå.
Tekst: Oppsummeringsteksten blei opphavleg skriven av Mikkel Inchley, Ingrid Barrabés Gørrissen og Hannah Adolfsen Fjeldbraaten, men har blitt omskrive av Marius Moldsvor (leiar i internasjonalt utval)