Miljø + fagrørsla = ?

Observert i lag: felles mål og interesser

Som klimaaktivist er det nokon kontroversar vi alltid møter på, og den siste tida har eg lært kor viktig det er å møte desse med tolmod og forståing. Ikkje berre med sterke motargument.

Trondheimskonferansen i januar, var eg for første gong i eit rom der ein kunne diskutere kva vi i miljørørsla og fagrørsla er einige og ueinige om, utan at ein skulle overtyde nokon tredjepart som lytta til oss. Vi satt altså i eit rom fullt av oljearbeidarar som ville høyre kvifor vi krev at vi slutta å leite etter meir norsk olje og gass. Dei høyrte på oss fordi vi også høyrte på dei, når dei meinte det omvendte. 

Eg forstår godt at hardbarka industriarbeidarar reagera instinktivt når unge folk som meg sjølv, krev ei endring som kan gjere at arbeidsplassen deira forsvinn. Eg er ikkje industriarbeidar. For min del reagera eg på same måte, når ein eldre person seier at vi må halde fram med det som skapar klimakrisa. Her kan kontroversane gjere oss blinde for kvarandre, og då kjem vi ingen veg. 

Både fagrørsla og miljørørsla har gode intensjonar. Det er i vår felles interesse at vi har verdiskapande eksportindustri og trygge arbeidsplassar i Norge, og det er i vår felles interesse at vi har ein leveleg klode. Når vi berre ser vår eigne gode intensjonar og svartmåla den andre sine argument, kjem vi ingen veg. Det eg forstod endå tydelegare i Trondheim, var at vi alle har eit felles mål. 

Vårt felles mål er at vi kuttar klimagassutslepp og tek vare på naturen vår, samstundes som vi skapar grøne og trygge arbeidsplassar over heile landet. På vegen heim frå Trondheim blei eg endå sikrare i argumenta våre for kvifor vi må slutte å leite etter meir olje og gass. Vi har allereie henta opp meir enn vi kan forbrenne, om vi skal kunne halde fram å leve på denne jorda. Men eg forstod også at planen for korleis vi skal omstille oss, må vere eit felles krav utforma av miljø- og fagrørsla i lag. Akkurat det, trur eg ikkje er så kontroversielt. 

Skribent: Sigrid Hoddevik Losnegård, leder av Natur og Ungdom
Illustratør: Hege M. Haugan (@kvasimenneske)

Denne artikkelen ble først publisert i det fysiske magasinet til Putsj, #1/2025 Kontroverser

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme