Ikkje ei bistandskrone å miste

Rett etter at Trump kom til makta, kutta han nesten alle programma til den amerikanske bistandsetaten USAID.

Dette er pengar som skulle gått mellom anna til familieplanlegging og livreddande HIV-medisinar i det globale sør. Flyktninghjelpen melder at dei som følgje av bistandskutta må stoppe med matutdeling i svoltramma Sudan. Forskarar har estimert at desse kutta vil kunne føre til opp mot 26 millionar dødsfall på verdsbasis. Kva konsekvensar bør desse dramatiske kutta få for norsk bistandspolitikk? 

I Noreg har ein som mål å bruke ein prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) på bistand kvart år. Men langt frå alle desse midla blir brukt til utviklingsarbeid. 

I fjorårets statsbudsjett var 3,7 milliardar av bistandsbudsjettet sett av til dekking av flyktningutgifter i Noreg. OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) tillèt at enkelte utgifter knytt til flyktningar og asylsøkarar sitt første år i landet kan takast over bistandsbudsjettet. Slik blir Noreg sjølv den nest største mottakaren av norsk bistand. Dette er pengar som i staden for å hjelpe verdas fattigaste, blir verande i landet. 

Klimafinansiering er og ein del av bistandsprosenten i det norske systemet. Ein tredjedel av bistandsbudsjetta til medlemslanda i OECD går til klimafinansiering. 

Ekspertar har føreslått å dele ein kategori for bistand, og ein for globale fellesgode, til dømes utsleppskutt og pandemihandtering. Då ville ikkje dei to kategoriane måtte konkurrere om dei same midla.  Diverre vart det ikkje noko av denne ordninga. 

Høgresida er ofte opptatt av meir «kostnadseffektiv bistand», at ein skal få mest mogleg igjen for pengane i bistandsbudsjettet og målbare resultat. FRP har ogso signalisert at dei berre vil bruke 0,7% av BNI på bistand, og at norske interesser skal leggje sterke føringer for bistandspolitkken. Eit regjeringsskifte vil difor kunne føre til ei omleggjing av bistandspolitikken til å prioritere meir kortvarige prosjekt som gir raske resultat, framfor langsiktig bistandsarbeid. 

Møtt med dei internasjonale bistandskutta må Noreg forsetje å hjelpe det globale sør. Når stormakter som USA trekk seg ut av den internasjonale bistandsdugnaden, må andre land kome saman for å klare å tette hòlet og hindre at liv går tapt. For akkurat no treng verda alle den bistanden dei kan få. 

Tekst: Rasmus Tennø Loe (internasjonalt utval i Sosialistisk Ungdom)

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme