Bonden – den bufaste, lever i skvis
Webinarserien «Frå sjølvforsyning til samberging», vart lansert av Landbruksalliansen våren 2025. Serien syner eit nettverk basert på mangfald, omsorg og nøysamheit, der ein drøftar matsystemet i Noreg. Vi drøftar relevante potetpolitikkproblemstillingar som svekt matsikkerheit og beredskap, tap av natur, klimaendringar, skeiv ressurs- og maktfordeling, nedlagde gardsbruk og fråflytta bygder.
I løpet av dei siste 25 åra har det blitt lagt ned i snitt 100 gardsbruk i månaden. Politikken presser bønder til å effektivisere, og drive større areal. Dei må investere i dyrare maskiner, bruke meir kunstgjødsel, kraftfôr og sprøytemiddel. Med stort investeringspress blir gjelda i norsk jordbruk større enn inntekta, samstundes som den norske gardbrukaren lever under låginntektsgrensa med ei gjennomsnittleg netto næringsinntekt på 257 300 NOK. For å ha levedyktig økonomi er difor 82% deltidsbønder, som må ta på seg anna lønna arbeid i tillegg.
Røtene til utfordringane har ei utopisk tru på evig økonomisk vekst med påfølgande politisk press om å «inntektsoptimalisere». Det teknologiske og administrative perspektivet har fått makt til å definere retninga for jordbruket. Bonden blir pressa til å dimensjonere gardsdrifta etter teknologien, i staden for dei miljømessige forutsetningane på garden.
Frå teknologiske til biologiske løysningar
Dei samanvevde utfordringane resulterer i ei urovekkande låg sjølvforsyningsgrad. Korleis sikre oss nok næringsrik mat, no og i framtida? Samanlikna vi oss i Skandinavia, er Noreg dårlegast i klassa, med ei sjølvforsyningsgrad på berre 46,4%. Til samanlikning er Finland 70% sjølvforsynte.

Landbruksalliansen er urolege for at nødvendige sjølvforsyningssamtaler endar med kortsiktige, isolerte og teknologiske løysningar. Til dømes skal mjølkeroboten auke effektiviteten i drifta, medan metanhemmarar skal redusere utslepp frå flokken som veks. Når ansvaret ligg på den enkelte gardbrukar, verker tiltaka strukturdrivande og fører trenden med færre og større bruk vidare.
Berekraftig jordbruk krev systemendring på politisk nivå. Vi ser beite som ei naturleg og effektiv løysing på metanproblematikken. Forsøk viser at bruk av beite kan redusere metanutslepp opp mot 28 %, medan metanhemmarar i Noreg gjev ein reduksjon på berre 15 %. Dette fordi beiting av grovfôr (gras av god kvalitet) reduserer bruken av kraftfôr og bidreg til karbonbinding i jorda. Kunstige metanhemmarar er eit døme på kortsiktig problemløysing. I industrilandbruket løner det seg å gje drøvtyggjarar fôr dei ikkje er skapt for å ete!
Matjorda er meir enn berre åker. Kulturlandskapa våre vitnar om tusenvis av år med tradisjon for utmarksbeite. Resultatet av industrialiseringa er at utmarka gror igjen. Tilskotssystemet må endrast, frå kvantitet til kvalitet, til å få fleire dyr på utmarksbeite. Det må løne seg å erstatte importert fôr med eigeprodusert.
Frå frykt til frukt og potet
For å sikre norsk matproduksjon, må vi ha jordbruk i heile landet – spreidd i alle klimasoner med individuell mangfald på gardane. Slik vert beredskapen sikra om ekstremvêr råker delar av landet. Primærnæringane er (immun)forsvar for samfunnet! Også trampolineflekken din kan dyrkast med “topp fem”: potet, kvitlauk, rødbete, grønkål og bondebønner – urter som bonus!
Kong Haakon VII vedtok under 2. verdskrig allmennyttige formål kring parkar og kyrkjegardar og sette sjølv i gong med potetåker i Slottsparken. Oslo er framleis ein av Norges største fruktkommunar etter majestetens iver i å plante frukttre. Gjer som kongen: dyrk og konserver!
Ete oss levande
Landbruksalliansen meiner løysingar på miljø og forbrukskrisa, er å kople folk til mat og jordbruk. Måltid samlar folk! Kjøkenbordet er arena for problemløysing. Ein tyggjer, smattar, stiller spørsmål, lyttar og har tid til drøfting og å sjå ting frå ulike vinklar. Diskuter mangfald, omsorg og nøysamheit ved ditt neste måltid.
Samberging handlar om å berge saman, der livskvalitet blir målt i relasjonar. Mangfald av relasjonar definera økosystemet si kraft, og folk er naturleg del av kretslaupet. Samberging er ei praksisrørsle – synleg i skulehagar, andelsbruk, delingsøkonomi og berekraftige bufellesskap – som opnar for rettferdig og regenerativt matsystem, både lokalt og globalt. Landbruksalliansen stiller seg bak mangfald! Det er umoderne å fortsetje eit politisk og økonomisk system som er avhengig av vekst og utarming av ressursar!
Takk for maten!
Tekst: Emma Rydningen (styremedlem i norsk bonde og småbrukarlag, og Landbruksalliansen)