I heile sommar har aksjonistar budd i leir på Markopneset ved Repparfjorden i Finnmark, for å hindre kopargruva Nussir ASA/Blue Moon Metals i starte opp, og å dumpe gruveavfall i fjorden. For det er sjølvsagt ikkje ein så god idé.
“Repparfjorden er ein grunn og kort fjord, som ikkje eignar seg for sjødeponi. I tillegg er det ein nasjonal laksefjord, som har særskilte vern for å ta vare på villaksen. Å dumpe gruveavfall i Repparfjorden vil drepe alt liv: laksen, men også kysttorsken som gyter her”, seier aksjonist Kornelia Kristensen på telefon frå leiren.
Noreg er eitt av to land i verda som opnar for nye sjødeponi. Resten av verda er einige i at dette er ein gammaldags og miljøskadeleg praksis, medan vi framleis gir klarsignal til nye sjødeponi. Grunngjevinga er at vi har djupe og lange fjordar, med lite straumar.

“I tillegg vil gruvedrifta gå ut over folk rundt fjorden. Fjella Nussir og Ulveryggen er viktige reinbeiteområde som vil bli øydelagt av gruvedrifta. Med gruva vil reindrifta miste så mykje beite at dei ikkje kan drive lenger. Det er derfor denne saka er så utruleg viktig. Det er så mykje som står på spel, så mykje vi ikkje kan miste.”
I Nussirgruva skal den nye kanadiske eigaren Blue Moons Metals utvinne kopar. Men koparen er berre 1% av massene Nussir skal hente ut av fjellet. Dei resterande 99% blir behandla som avgansmasser, søppel som skal rett på fjorden. Desse avgangsmassene har høg konsentrasjon av mellom anna tungmetalla kopar, nikkel og krom.
“Så langt har vi hatt to rundar med sivilt ulydige aksjonar i leiren”, fortel Kornelia, som har vore så godt som heile sommaren i aksjonsleiren på Markopneset.

“Og det har ikkje vore utan dramatikk! I første runde blei elleve aksjonistar arrestert, og fekk bøter på til saman 88.000 kroner. Men så avdekka vi at gruveselskapet ikkje hadde byggeløyve før dei starta med sprengingsarbeidet, og at det derfor var dei som brøyt lova, ikkje vi. Alle bøtene blei trekt tilbake, og selskapet søkte om byggeløyve. Den blei hastebehandla, og var godkjent allereie veka etterpå. Da var også tre aksjonistar på plass på området. Dei blei arrestert, men etter det var det plutseleg tomt på anleggsområdet. Da fekk vi nemleg beskjed om at arbeidarane hadde tatt sommarferie!”
Sjølv om det var anleggsstans, tok ikkje aksjonistane i leir ferie. Dei har arrangert festivaldag med fleire konsertar og over 200 besøkande, og gjer seg klare til nye aksjoner.
Det skjer mellom anna ved å kurse nye aksjonistar i sivil ulydnad. Kurset er todelt, med ein teoretisk del om filosofien og det rettslege i aksjonforma, og ein praktisk del der ein får prøve korleis det er å bli bore bort av politiet.
“Vi har hatt barn i barneskulealder i leir, som har vore veldig engasjerte, og måla supersøte banner. Dei skal jo sjølvsagt ikkje lenke seg eller bli arrestert av politiet, men dei syntest det såg så gøy ut å bli bore bort! Så dei fekk vere med på det. Det sette i gong ein kjempedebatt, der FRP vil kutte statsstøtta vår, fordi dei meiner vi oppdrar ein generasjon med kriminelle.”

Sivil ulydnad er eit viktig demokratisk verkemiddel. Slik kan enkeltmenneske tydeleg seie ifrå om noko som er gale, og skape merksemd rundt ei sak. Natur og Ungdom har ei rekke prinsipp for sivil ulydnad, og alle som vil ta del i aksjonen må vere kjent med desse. Noko av det viktigaste er at aksjonistane skal stå for det dei gjer – dei skal aksjonere fordi dei er personleg overtydd om at det er det riktige å gjere, og vere klar for å ta konsekvensane. Derfor får ingen som er under kriminell lågalder delta i aksjonane.
“Men å vere engasjert i ung alder er det ingen ting gale med. Det er bra at desse barna engasjerer seg, og at dei skjønar kor alvorleg denne saka er.”, seier Kornelia. Ho fortel at ho blir veldig rørt og motivert til å forsette å kjempe kampen for Repparfjorden når ho møter folk som støtter aksjonane. Det gir mot og styrke til å kjempe kampen vidare.
Kornelia og dei andre aksjonistane på Markoppneset er klare for nye rundar med aksjonar, og har ei klar oppfordring til deg som les Putsj: Følg med på kva som skjer i saka!
La fjorden leve, la fjella leve!
Tekst: Agnes Mathilde Granli Lægreid
Foto: Sebastian Goepel