«Edelt er mennesket, jorden er rik. Finnes her nød og sult, skyldes det svik.»
Med utmatta men trassige stemmer løftar tonane frå diktet til Nordahl Grieg seg over Youngstorget i Oslo. To lange veker med uavbrote klimaopprør er til ende, og mange av deltakarane har samla seg til ei siste markering.
Dei som står her har stått opp for klima under Arendalsuka, avbrote Dagsnytt 18, blokkert Noregs einaste oljeraffineri i 36 timar, og okkupert Noregs Bank. Dei gjorde det ingen andre klarte – å gjera klima og miljø til ei nyhendesak i ei heil rekkje landsdekkjande media rett før valet i september. Korleis klarte dei det? Etter å ha skugga Extinction Rebellion (XR) sidan mai, trur eg at eg kan presentera eit slags svar.

Landa møtast
Først må me attende til ONS-konferansen i Stavanger i fjor. XR demonstrerte under energimøtet ved prosessanlegget på Kårstø, men det var ikkje berre nordmenn som dukka opp der. Mange aktivistar frå andre nordiske og europeiske land deltok, ikkje berre Greta Thunberg, men heilt vanlege medlem av miljøorganisasjonar i nabolanda våre. Dette møtet mellom landa sådde frøet til det som etter kvart vart til Nordic Climate Justice Coalition (NCJC), ein paraplyorganisasjon for meir aktivistiske klimaorganisasjonar i Norden leidde av unge. Aksjonen under ONS vart ogso ført under kravet om ein plan for utfasing av olje og gass, som har vore leiande for XR Noreg sidan då.
Ideen til aksjonen som vart ført på seinsommaren i år kom noko seinare.
– Planen for noko stort før valet kom under strategimøtet i XR Noreg i november. So vart det litt klårare på våren i februar.
Det seier Milla Haugen, sentral person i XR og ansvarleg for media- og pressearbeid under aksjonen.
– So tok me med tankar og idear med til NCJC-konferansen i desember. Mange av dei som møtte der hadde ogso vore med i Stavanger.
På konferansen i desember la XR Noreg fram planane om ein storaksjon i august, like før det norske stortingsvalet, ein aksjon som for alvor skulle setja klimakrisa på den politiske agendaen. Den nordiske koalisjonen vart raskt interesserte, og sa seg villige til å samarbeida med XR.
– Vi foreslo at om dei vart med, kunne me gjera noko stort, og me fekk med koalisjonen. Det var viktig for momentum i XR Noreg, og for å visa at me kan få til ein større aksjon.

Krevjande aktivisme
I februar vart det avgjort at det måtte skipast ei kjernegruppe som skulle ha ansvar for planlegging, koordinering og informasjon. Då byrja førebuinga for alvor.
– Me avgjorde at me måtte ha eit team som jobba konkret med kampanjen med fordeling i arbeidsoppgåver. Me sette i gang ein struktur, og fekk koordinatorar og folk som jobba målretta med ulike ting.
Og det trengs. For dei som ikkje har vore med på ein slik aksjon kan det vera lett å undervurdera kor mykje tid og krefter som går med til å planlegga og gjennomføra ein slik aksjon.
Lat oss ta Mongstad som eit eksempel. Aksjonen ved det einaste oljeraffineriet i Noreg hadde kring 200 deltakarar. Desse aktivistane måtte ha mat og ly i tre til fire dagar medan dei førebudde og gjennomførte aksjonen. Folk måtte ta ansvar for matlaging og oppvask, gjera klare båtane til blokaden på sjøsida, læra nye aktivistar korleis ein slik aksjon føregår, kontakte pressa og tusen andre ting.
Når dei sette i gang blokadane til sjø og land måtte det vera rett mengde menneske ved kvar blokade for å sikra at dei heldt. Alle blokadane måtte ha folk ansvarlege for poltikontakt, presse og tryggleik. Sjåførar måtte stå klare for å køyra folk mellom dei ulike blokadane, og mellom Mongstad og leiren. Mat måtte leverast til fornuftige tidspunkt, og mellombels soveplassar med nattevakt måtte etablerast ved blokadane.
Og dette var berre éin av tre store aksjonar på to veker.

Gryande internasjonalt samarbeid
Ingenting av dette hadde vore mogleg utan internasjonalt samarbeid. Det er ingen klåre tal på kor mange menneske som var med frå kva land, men sjølv talde eg minst elleve ulike nasjonar under aksjonen ved Mongstad.
Ei av dei største gruppene var delegasjonen frå den Grønne Ungdomsbevægelse i Danmark. Til samanlikning med dei andre nordiske landa, har Danmark her ei stor og særs godt organisert rørsle. Til saman over alle dei tre store aksjonane, deltok noko slikt som 90 unge danskar, som reiste frå København i eigne bussar. Det var inga tilfeldigheit at det var i nettopp Danmark at skipinga av NCJC kom til.
Eit av medlemane av koordinatorgruppa til koalisjonen er Lea Wiggen. Ho var ein av dei som var med på konferansen i desember.
– Me samla oss i Danmark, kring 60 aktivistar frå heile Norden. Me ville ha som felles mål å avkle myten om det grøne nord.
Den offisielle skipinga skjedde under Roskilde-festivalen i sommar. Førebels har koalisjonen medlemsorganisasjonar frå Noreg, Sverige, Finland og Danmark, og dei har håp om å knyta til seg Island og Færøyane ogso.
– So langt har me danna ei koordinatorgruppe på åtte medlemmar som møtast kvar veke. Framover skal me få på plass eit medlemskapssystem og tre løna deltidsstillingar, seier Wiggen.

Tar lærdom og ser framover
XR og dei andre gruppene som deltok i denne omgang har lært mykje. Det er fyrste gong ein so stor aksjon har vore organisert i Noreg, og naturlegvis vart det gjort feil, men det vert som bagatellar å rekna.
– Eg trur me har høve til å gjera noko stort igjen. Eg trur me kunne gjort noko større med endå lengre tid, om me starta før. Me har skjønt verdien av å sjå framover, seier Milla Haugen.
Årets aksjon, uavhengig av utfallet av stortingsvalet, må seiast å ha vore ein suksess, i det minste frå XR sitt perspektiv. Ifølgje Haugen er dette ein av aksjonane med mest mediedekking for dei nokosinne. Alle dei nasjonale media, i tillegg til ei rekkje lokalaviser og utanlandske medium, skreiv om XR.
Endå viktigare er det som gjekk litt tapt i den tabloide nyhendedekkinga, nemleg det nye nordiske samarbeidet. NCJC vart offisielt skipa i sommar, men har vore i emning i over eitt år. Koalisjonen er førebels ny og flytande, ikkje heilt sementert, men om han heldt kan det leggja grunnlaget for ei mykje meir slagkraftig aktivistisk klimarørsle enn det me har sett til no. Medlemane er unge, modige og i ferd med å byggja opp eit effektivt organisatorisk apparat. Ikkje minst har dei nettopp snikra saman ein stor synleg siger og moralen er høg. Ein kvar som vil vita kor kampen for ei leveleg verd er på veg, gjer ein stor feil om dei ikkje følgjer med på denne nye fellesnordiske rørsla.

Tekst: Emil Askvik Hosøy

