TEKST
JANNICKE TOTLAND
“Du som lesar kan til og med følgje instagramkontoen deira medan du les”
– Jannicke Totland
Tittel: @Ally_Trip: en klimaroman
Forfattar: Katrine Lekang
Sider: 326
Sjanger: Skjønnlitteratur
Utgitt: 2020
Forlag: Panta Forlag
Aldersgruppe: Ungdom
Klimaentusiasten og åleinefaren Victor innser at ungane hans er blitt store og bestemmer seg for å sende dei ut i verda for å førebu dei på vaksenlivet. Kun ved hjelp av leietrådar og gåter blir dei sendt ut åleine på reise eit år, med intensjon om å lære meir om klimaendringane og korleis me menneske er i ferd med å endre verda til det negative. I tillegg til det har far deira ein annan intensjon med reisa, nemleg at borna får bli kjent med mor si, som dei berre hugsar glimt av, men likevel saknar.
Både Aleah og Lyder er leie av faren sitt mas om klima, men går til slutt med på å reise, motivert av å sjå meir av verda. Lite visste dei kor mykje dei kom til å lære om både livet og kva som står på spel, samt kva det skulle gjere med relasjonen til kvarandre. Det blir ei reise der Lyder, som er skulelei erfarer at det er gøy å lære, medan Aleah, som slit med å finne meininga med livet, får eit nytt syn på verda og menneska kring seg. Ikkje desto meir visste dei at dei gradvis kom til å nå faren sitt klimaengasjement – om ikkje å bli meir engasjerte.
Søskenparet er sendt ut for å lære, men og for å spreie informasjon om det dei lærer. For å oppdatere familie og vener, samt å inspirere flest mogleg deler dei bilete frå reisa på Instagramkontoen @Ally_Trip. Og lære gjer dei raskt. Gjennom ei innhaldsrik reise får dei fleire perspektiv på klimakrisa og får sjå at krisa faktisk er ein realitet i dag. Likevel er den kanskje viktigaste lærdomen at dei som har makt til å gjere noko med klimaendringane er dei som har skapt dei: nemleg menneska.
Utruleg lærerik
Sjølv om aldersgruppa er ungdom er boka utruleg lærerik. Anten om du er ung eller vaksen kan eg garantere deg at du kjem til å lære noko nytt. Boka inneheld mykje og gjerne tungt fagstoff, men Lekang meistrar kunsten å formidle det på ein forståelig og underhaldande måte. Dessutan inneheld boka levande skildringar, noko som i kombinasjon med formidling av fagstoffet gjer den særs pedagogisk.
Noko som og er med å styrke det er at det er fleire avbrekk mellom presentasjonen av det tyngste fagstoffet i tillegg til å romme fleire perspektiv på klimakrisa. Du som lesar kan til og med følgje instagramkontoen deira medan du les. Her kan du sjå stemningsbilete frå stadene dei vitjar, noko som gjer lesinga interaktiv og spennande.
Eit minus med boka er at eg synes den inneheld i overkant mykje drama og konflikt i og mellom karakterane. Lekang driv eit ambisiøst prosjekt med å løfte opp psykisk helse som eit samfunnsproblem i tillegg til klimakrisa. Tanken er god, men boka er betre på fakta enn kjensler. Likevel, er eit positivt aspekt ved det at det kan ha funksjon av å vera nyttige avbrekk mellom formidling av fakta og at boka potensielt når ut til eit breiare publikum.
Alt i alt vil eg tilrå boka til ungdom som ynskjer å lære meir om klimaendringane på ein meir underhaldande måte enn tørre faktaark og fagartiklar. Boka lager eit godt bilete av klimakrisa me står ovanfor og viser at ungdom kan gjere ein viktig forskjell i kampen som må bli tatt for å gjere noko med det.