Putsj logo

Et magasin for unge om

Verdt å vite om økologisk og regenerativt landbruk

Økologisk og regenerativt landbruk er to måtar å drive landbruk. Kva skil desse landbruksmetodane frå anna landbruk? Og kvifor kan dette vere viktig for framtidas landbruk?  
TEKST: Asta Eikemo. ILLUSTRASJON: Nora Johe, @nej_kunst på Instagram

Økologisk og regenerativt landbruk er to måtar å drive landbruk. Kva skil desse landbruksmetodane frå anna landbruk? Og kvifor kan dette vere viktig for framtidas landbruk?  

Menneskjer treng mat, difor treng vi landbruket 

Landbruk er ei brei forståing av alle næringar med produksjon i og frå jorda. I tillegg er landbruket ei av våre aller viktigaste næringar for matproduksjon. Vi treng mat og maten treng gode levevilkår. Difor må vi ta vare på landbruket på best mogleg vis.  

På butikkane kan ein sjå at nokre varar er stempla med eit lite, grønt merke. Dette kallast Ø-merket og visar kva slags matvarer som er økologisk produserte. Men det er ikkje berre-berre å få Ø-merket på varane sine: Det stillast mange krav som høyrer til det økologiske landbrukets prinsipp. 

Økologisk landbruk 

Helse, økologi, rettferd og varsamheit. Dette er dei fire prinsippa som definerer økologisk landbruk. Ein metode innan landbruket kor produksjonen skal vere berekraftig og lokal. Til dømes skal det brukast husdyrgjødsel ovanfor kunstgjødsel og dyreforet skal i størst mogleg grad vere sjølvforsynt. Ein kan setje økologisk landbruk som ein motsetnad til konvensjonelt “vanlig” landbruk. 

Det stillast høgare krav til dyrevelferd i økologiske dyrebruk enn i konvensjonelle. Dyra skal kunne leve på naturleg vis – dei er del av eit gardsbruk, men skal kunne leve som om dei er fri. Konkrete minimumsmål seier kor store areal dei ulike dyreslaga skal kunne bevege seg på, båe ute og inne. Det skal visast stort omsyn til dyra og dei skal ikkje tvingast til å vokse meir enn naturleg. Dyra skal også ha økologisk fôr, som i størst mogleg grad skal vere sjølvforsynt frå garden.  

«Økologisk landbruk gjev betre levekår for dyra og plantane, er ei meir naturleg driftsform og fører til større biologisk mangfald. Men desse prinsippa er ressurskrevjande og mindre effektive enn konvensjonelt landbruk»

Vekstskifte er eit anna sentralt prinsipp for økologisk landbruk. Det vil seie at ein ved å dyrke ulike planteartar på eit område frå år til år opprettheld eit rikt biologisk mangfald. Ved å oppretthalde økosystemet hentar nokre artar gassar som andre artar brukar til næring. Eit rikt artsmangfald og fungerande økosystem er nemleg ein naturleg måte å motverke skadedyr, parasittar og ugras.  

Økologisk landbruk gjev betre levekår for dyra og plantane, er ei meir naturleg driftsform og fører til større biologisk mangfald. Men desse prinsippa er ressurskrevjande og mindre effektive enn konvensjonelt landbruk. Dette brukast som eit av dei sterkaste argumenta mot økologiske landbruk og ein av grunnane for at det er relativt få økologiske bruk i Norge. 

Regenerativt landbruk 

Ein grein som har kome ut av det økologiske landbruket er regenerativt landbruk. Også her setjast det biologiske mangfaldet høgt, fordi det er ein viktig ressurs for det overordna målet: Å binde fleire klimagassar enn det som sleppast ut. Ein skal regenerere, altså byggja opp att det som har vore skada. I praksis vil dette seie at jordhelsa skal tas godt vare på. Ein god jordkultur tar opp mykje klimagassar og nyttar desse som næring til plantane.  

«Sjølv om regenerativt landbruk kjem frå den økologiske kulturen kan ein også drive regenerativt i konvensjonelt landbruk» 

Ein av forskjellane mellom økologisk og regenerativt landbruk er regelverket. I økologisk landbruk har ein som nemnt eit klart regelverk som må fylgjast, men dette har ikkje det regenerative landbruket. Det er fordi kvart eit gardsbruk har ulike føresetnadar og jordtypar og det vil vere ulikt frå gard til gard kva som er avgjerande for jordhelsa. Det er resultatet i eit regenerativt landbruk som er definerande.  

For at eit bruk skal kunne kallast regenerativt må det kunne vise til at jordhelsa alltid er stigande. Det inneber at alle artane som lever i jorda ivaretakast slik at plantane har best mogleg vekstgrunnlag. Jorda skal vere dekka av plantar og det skal vere aktive røter i jorda til ein kvar tid. Sjølv om regenerativt landbruk kjem frå den økologiske kulturen kan ein også drive regenerativt i konvensjonelt landbruk.   

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme