Giftige løgner

Thor Due er tidlegare sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Han arbeidde med prosjektet «Giftige løgner», ei enorm avdekking av utslepp av smøreolje frå norske oljeplattformar i sjøen.  
TEKST
Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård

FOTO
August Gautun

Thor Due er tidlegare sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Han arbeidde med prosjektet «Giftige løgner», ei enorm avdekking av utslepp av smøreolje frå norske oljeplattformar i sjøen.   

Giftige løgner 

Verken Thor eller den gjennomsnittlege Putsj-lesaren er utdanna journalist eller detektiv. Likevel kan ein grave og finne informasjon om ei sak ein brenn for. Thor fortel om utganspunktet for Giftige Løgner: Vi fekk jamleg oppdateringar frå Miljødirektoratet når nokon hadde søkt om å forureine. Vi byrja å grave litt i kva desse søknadane inneheldt, og etter kvart fann vi ut at ei rekke oljeselskap allereie slapp ut desse giftige kjemikalia i havet, og at dei hadde gjort dette utan løyve.  

Utgangspunktet for Giftige Løgner var desse e-postane frå miljødirektoratet. Det skjer ofte at ulike selskap søkjer om å forureine, for det er alltid i utgangspunktet ulovleg. Likevel får alle selskapa medhald i søknadane sine, og får sleppe ut det dei vil. Thor fortel at dei til å starte med ikkje brydde seg så mykje om det, fordi det skjer heile tida. Men etter kvart såg dei at det var ein spesifikk type olje desse selskapa søkte om å få sleppe ut, og det virka som om noko nytt var på gong. 

Vekka nysgjerrigheit 

Thor fortel om nysgjerrigheita som vakna i oljegruppa etter funnet deira. Kanskje kunne dei avdekke noko stort og nytt som oljeselskapa haldt på med. Noko som dei heldt skjult for det norske folk. De starta gravearbeidet og så på kvar utsleppa skulle førekome. Det var på oljeplattformar dei visste hadde stått lenge og var gamle. Dei trudde dette kunne bety at ein skulle innføre ein ny teknologi som var avhengig av at ein slapp ut olje i prosessen.  
 
«Vi tenkte at det var dumt, og at ein ikkje kan tillate det. Men etter kvart som vi kom lenger inn i materien, fann vi ut at det eigentleg var gamle utslepp som hadde gått over mange år.» 

Miljøkriminalitet utan konsekvensar 

Det var ikkje noko nytt vi avdekka, seier Thor. Det var noko som hadde føregått i årevis. Det var grov miljøkriminalitet og ulovlege utslepp som aldri hadde fått konsekvensar. Selskapa hadde ikkje søkt om løyve før dei slapp ut fleire titals tonn med smøreolje i havet, og braut dermed lova. 

Thor og co. gjekk saman med nokon advokatar og samanstilte eit godt datamateriale, med masse vedlegg og dokumentasjon. Dei ringte til Miljødirektoratet, som helst ville at dei skulle legge det frå seg, men til slutt fekk dei innsynet dei trengde. 

«Vi samla inn eit utal dokument og fordjupa oss i desse. Vi prøvde å lage ei oversikt over summen av utsleppa, men den blei aldri fullstendig fordi alt ikkje var dokumentert og utsleppa hadde føregått lenger enn vi visste. Til slutt kom vi fram til at det var søkt om å sleppe ut 30 tonn årleg og at store delar av utsleppa var av svart kategori.» 

Kategoriane av utslepp kan delast inn i fire kategoriar: Grøn er ok, gult er ikkje så bra men likevel greitt, raudt er oops ikkje så bra, og svart er dritfarleg. 

Thor fortel vidare: «Etter vi hadde samla inn over 200 dokument og gjort klar heile saka, politimeldte vi fire av dei største oljeselskapa på norsk sokkel. Denne meldinga enda hos Sør-Vest politidistrikt, og her skjedde det ingenting. Etter kvart fekk vi beskjed om at saka var lagt vekk, utan nokon konsekvensar for dei som braut lova.» 

Oljegruppa kjende seg skuffa av politiet som ikkje ville bruke ressursar på denne alvorlege miljøkriminaliteten. Dei kunne berre byta logo frå Natur og Ungdom til Politiet på alle dokumenta og så hadde undersøkinga deira vore ferdig. Det synte oss berre nok ein gong at lova ikkje gjeld for norske oljeselskap. 

«Likevel var vi strålande fornøgde med eigen innsats. Miljødirektoratet skulle takka oss, vi hadde hjelpt dei. Vi gjorde jobben dei skulle gjort.» 

Gravearbeid er for alle 

Korleis drive med gravearbeid kan vere eit vanskeleg spørsmål, men Thor meiner det ikkje treng å vere så høg terskel for det. Ein treng ikkje vere Sherlock Holmes for å avdekke shady oljeselskap.  

Som gravejournalist er det eit par triks ein kan nytte. Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal starte, fordi ein veit ikkje heilt kva ein leiter etter. Derfor må ein samle og lese mange fleire dokument enn det ein ender opp med til slutt. Det er mange dokument som eigentleg skal vere tilgjengeleg for alle nordmenn, men så må ein likevel vite kva ein leiter etter, for så å søkje om innsyn.  

Thor og oljegruppa brukte nettsida einnsyn.no for å søkje om å få dokument vi meinte vi hadde rett på. Her kan man t.d. søke opp stikkord som «forurensingsloven» og så bestille dokument. I tillegg til dette ringte dei ofte til Miljødirektoratet. Ein kan fort gløyme at dei som jobbar i desse institusjonane eigentleg jobbar for oss. I lova og på einnsyn.no står det at ein søkjer ikkje om innsyn, ein krevjar det. Det einaste ein ikkje har rett på å få innsyn til skal vere forsvarsløyndommar eller informasjon til hinder for konkurransedugleik. 

Stolt av arbeidet 

Sjølv om politiet ikkje ville prioritere saka, og miljødirektoratet blei meir triggered enn takksame, er Thor stolt av arbeidet oljegruppa gjorde. Thor reflekterer: «Det fekk diverre ikkje dei konsekvensane vi hadde trudd, og for naturen har det ikkje noko å seie om det er ulovleg eller lovleg å sleppe ut giftige oljar.  

Vi ville vise at når det gjeld olje er det eigen justis, om du ikkje har noko anna alternativ enn å sleppe ut, må du eigentleg stenge produksjonen. Dersom det var eg som hadde gjort dette, hadde eg blitt tiltalt og straffa. Når det er eit oljeselskap skjer ingenting.» 

Tor fortel at sjølv om utsleppa allereie hadde skjedd, var arbeidet verdt det. Statens eigne institusjonar hadde feila, og det kunne ikkje halde fram. Derfor måtte oljegruppa leike detektivar, og avdekkje miljøkriminalitet som hadde gått staten hus forbi 

Lang tradisjon 

Til slutt oppmodar Thor alle til å grave. Han fortsett med å fortelje om at NU har ein lang tradisjon for å avdekke miljøkriminalitet. Du må ikkje la deg skremme av vaksne til dømes i miljødirektoratet. Sjølv om dei blir irriterte eller ikkje vil gje deg informasjon, må du hugse at dei er der nettopp for å hjelpe oss. Derfor må ein bruke nettstader som einnsyn.no og ringe dei offentlege institusjonane og mase. Thor fortel dessutan også at oljegruppa også fekk god advokathjelp, og det kan ein vurdere om ein verkeleg satsar! 

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme