Framvekst av fascisme

Iver Strømsvold om fascismen og ei skremmende utvikling

Verda som me kjenner ho, blir skumlare og skumlare. Me har høyrt mykje om «høgrebølgen» i Europa, med AfD i Tyskland sin historiske oppslutning, og FrP i spissen her heime. Men på andre sida av dammen, borte i Statane, ser me at fascismen berre tar meir og meir fast form. 
 
Store Norske Leksikon beskriver fascisme som «en samlebetegnelse på et knippe politiske ideologier og bevegelser som særlig kjennetegnes av høyreekstremisme, autoritarianisme og ytterliggående nasjonalisme.» og bygger vidare på at fascistiske rørsler er antidemokratiske og har imperialistisk og irredentisk politikk (som vil sei å erobre og gjenerobre landområder). 
 
Det er opptøyar i USA no, fordi Trumps immigrasjonspoliti har teke folk frå heimane sine. Folk med innvandrarbakgrunn i Statane lever i konstant frykt, fordi dei blir henta på veg til skulen, til jobb, og til avslutningsseremoniar når dei akkurat har fullført utdanninga si. I mai kalla guvernør Tim Walz, Immigration and Customs Enforcement (ICE) for «Trump’s modern-day Gestapo», og det finst ikkje noko meir konkret beskriving av ICE.

Som prikken over i-en så hadde Trump ein militærmarsj for å feire bursdagen sin, noko som kun er gjort av andre autoritære leiarar. Til dømes; Adolf Hitler, Saddam Hussein og Vladimir Putin. 

Illustrasjon: Magnus Ruud

Tidleg fjor sommar, oppløyste Frankrikes president den franske nasjonalforsamlinga, som gjorde at franskmennene måtte velje ein ny nasjonalforsamling. I første runden av valet så det ut som at høyrepopulistiske «Nasjonal Samling» skulle få mesteparten av stemmene, og reint fleirtal i parlamentet. Under andre runde slapp akkurat venstrealliansen «Ny folkefront» av med flest stemmer. 
 
Etter Stortingsvalet i 2021 hadde Arbeiderpartiet stor popularitet, noko som snudde i januar 2022, i følgje meiningsmålingar. Høgre tok over på nytt som Noregs største parti. Jo lenger inn i regjeringsperioden me kom, jo meir høyrevridde blei meiningsmålingane. Så høyrevridde at i april 2024, så var det FrP som tok plassen for nest største parti, og blei Noregs største parti i november same året. 
 
Framover, er det viktig å stå saman. Inviter naboen du ikkje har snakka med før, på eit glas vin eller ein kopp kaffi. Diskuter kva de skal stemme ved valet til hausten – og kvifor. Ver ærlege og kritiske med kvarandre, så me kan lære av kvarandre sine perspektiv. Ikkje ver redd for å vere usamd, og ikkje bli sint viss andre er det. Snakk saman, organiser deg, og kjemp dei kampane som rammar deg i kvardagen – anten det handlar om mental helse, naturkrisa, matprisane eller kollektivtransporten. 
 
Det er viktig at me tek vare på kvarandre framover – for det er berre slik me tek vare på demokratiet. 

Tekst: Iver Strømsvold

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme