Skriven av Marius Moldsvor, ungdomsobservatør på COP29 frå NU
(Først publisert på Framtida)
Klimatoppmøtet arrangerast i Aserbajdsjan, ein petrostat utan verken ytringsfridom, lovleg klimaaktivisme, eller uavhengige journalistar. Landet som sjølv har drive etnisk reinsing,1 har også tette band til Israel, og leverer 28% av landet sin råoljeimport – fossil energi som bidreg til det pågåande folkemordet i Palestina.2
Denne olja går gjennom oljerørledninga BTC,3 via Georgia og Tyrkia, før den vert sendt til Israel. Det britiske oljeselskapet BP er hovudaksjonær i oljerørledninga,4 og er saman med selskap som Shell og Chevron med på å legge til rette for folkemordet som skjer akkurat no.
BP har også fått leiteløyve for gass i okkuperte Palestinske farvatn.4 Vårt eige oljefond, som er medskuldig i investeringar i Israel,5 er også deleigar i BP,6 noko dei må trekke seg ut av.
På COP29 har internasjonal klimarørsle kravd ein energiembargo mot Israel. Vi krev at Noreg deinvestera i folkemord og startar utfasinga av ein skitten fossilindustri!
Her på klimatoppmøte fekk eg høyre på Mohammed Usrof, ein klimaaktivist frå Palestina, krystallklar i sin tale: Kvar oljeleveranse til Israel ber vekta av Palestinske liv!7
Mange land sender fossil energi til Israel – inkludert neste års arrangør av COP, Brasil. Landet sin president, Lula da Silva, har vore tydeleg i sin kritikk av Israel – men bidreg då paradoksalt framleis til folkerettsbrota ved å tillate leveransar på 9% av Israels råoljeimport.2
Dei burde heller følgje sitt naboland Colombia, som kutta ut kolforsyningar til Israel,8 som stod for 50% av landet sin kolimport. Brasil, i likskap med Noreg, må vise heilskapleg solidaritet, og trekke ut investeringar frå krigsøkonomien.
Historisk kan vi sjå korleis fossilindustrien har vore delaktig i overgrep mot både menneske og miljø. Eit døme på dette er oljehistoria til BP i Midt-Austen, der fossilinvesteringar blei brukt for å halde på makt i dei britiske koloniane.4 Vi må innsjå at fossilindustrien ikkje berre er klimafiendtleg, men både historisk og i dag undergrev fred
Verda står i brann, både klimamessig og humanitært. Vi må kjempe for rettferda i møte med forbrytingar mot menneskeheita, og spesielt i møte med det Palestinske folket, som lid umenneskelege tap under vestleg pågåande imperialisme og okkupasjon.
På årets COP har heldigvis eit stort aktivistmiljø stått i solidaritet med Palestina. Samstundes krev vi at land må deinvestere i folkemord og ein vanvitig fossilindustri. Kampen fortset!
_________________________________________________________________
1Freedom House. “NEW REPORT: Azerbaijani Regime Ethnically Cleansed Nagorno-Karabakh According to International Fact-Finding Mission.” Freedom House, n.d. https://freedomhouse.org/article/new-report-azerbaijani-regime-ethnically-cleansed-nagorno-karabakh-according-international.
2Oil Change International. “New Research Updates on Companies and Countries Supplying Oil Fueling Palestinian Genocide Amid ICJ Rulings,” August 20, 2024. https://www.oilchange.org/news/behind-the-barrel/.
3Azerbaijan. “Baku-Tbilisi-Ceyhan Pipeline | Who We Are | Home,” n.d. https://www.bp.com/en_az/azerbaijan/home/who-we-are/operationsprojects/pipelines/btc.html.
4Palestine, Queers For. “Pipeline to Genocide: BP’s Oil Route to Israel – Shado Magazine.” Shado Magazine, October 17, 2024. https://shado-mag.com/bp-oil-pipeline-israel-palestine-genocide-investigation/.
5Don’t Buy into Occupation. “DBIO – Don’t Buy Into Occupation Coalition.” DBIO, December 12, 2023. https://dontbuyintooccupation.org/.
6Norges Bank Investment Management. “Oljefondets Investeringer | Norges Bank Investment Management,” n.d. https://www.nbim.no/no/oljefondet/investeringene/#/2024/investments/equities/6609/BP%20PLC.
7Oil Change International. “How Fossil Fuel Companies Profit From Genocide,” November 18, 2024. https://www.oilchange.org/news/how-fossil-fuel-companies-profit-from-genocide/.
8Rueda, Manuel. “Colombia Will Suspend Coal Exports to Israel Over War in Gaza | AP News.” AP News, June 9, 2024. https://apnews.com/article/colombia-israel-coal-exports-467a61fed8c0779f27a3179629717436.