Eit par alternativ til rope-aktivisme

Mat, dugnad, hyttetur og handarbeidskveld?

Har du ikkje så lyst til å møte opp framfor rådhuset med ein heimesnikra plakat og skrike slagord i den bitande vinterkulda? Slapp av, det er mange måtar å engasjere seg for ei betre verd. Her er nokre idear deltakarane på haustsamlinga til Grønt Spa´tak kom på:

Mat

Prøv å handle mat andre plassar enn hjå dei store daglegvarekjedene. Daglegvarekjedene bidrar til eit skeivt inntektssystem for bonden, der sjefane i konserna tar ut enorme overskot, medan dei som faktisk produserer maten får veldig lite betalt. Undersøk om det er ein REKO-ring der du bur, når neste Bondens marknad er, eller om det går an å handle direkte frå ein gard i nærleiken av der du bur.

Inviter venner og kjente på dugnad

Sett av ei helg til eit felles prosjekt: Har du eit par sko som må pussast, eit vindauge som kan kittast om, eller har du og vennene dine skapet fullt av holete genserar? Fiks det! Det er radikalt å reparere, når normalen er å kaste det som er øydelagt, og heller kjøpe noko nytt. Men om du fører kunnskapen om å reparere vidare, er du ein viktig motpol til det raske forbrukarsamfunnet.

Dra på hyttetur

Leig ei DNT-hytte eller liknande, pakk med det du treng, ta med deg eit par venner, og dra på tur. På turen kan de gjere alt de har lyst til: gå på ski, spele kortspel og ete god mat. Men legg inn ein liten programpost: det kan vere å sjå ein film om eit aktuelt tema, diskutere eller prate om noko de vanlegvis ikkje pratar så mykje om.

Illustrasjon: Magnus Ruud

Arranger ein handarbeidskveld

Her kan du og vennene dine spikke, strikke, sy eller hekle alle julegåvene sjølv. Kan du ikkje spikke, strikke, sy eller hekle? Inviter ditt lokale husflidslag til å halde kurs for dykk!

Aktivisme er noko vi gjer for å skape sosial eller politisk endring. Det må ikkje vere ein kjempedemonstrasjon, som omvender fleire tusen menneske på ein kveld. Det kan vere å møte vennene sine, og prate om eller gjere noko ein er opptatt av, på ein annan måte enn de gjer i det daglege. Aktivisme kan vere å vere aktiv, vaken og medviten om det som skjer rundt ein, og å gjere noko som kjennest meiningsfullt ut.

PS: Har du lyst til å gjere ein av desse tinga? Hugs at alle lokallag kan få pengestøtte frå lokallagsfondet til å gjennomføre aktivitetar!


Skrevet av Agnes Lægreid, sentralstyremedlem i NU
(Denne artikkelen ble først publisert i PUTSJ #3/2025 Bak lukka dører)

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme