Sjødeponi er ingen ting å feire

Ny miljøstandard er å dumpe 170.000.000 tonn gruveavfall rett i Førdefjorden. Positivt for artsmangfaldet, seier gruveselskapet Nordic Mining.

I bygda Vevring i Sunnfjord kommune er det reist et gigantisk, sort og grått prosessanlegg. På Engebøfjellet like over blir steinen knust døgnet rundt. I dag inviterte selskapet prominente politikarar til opningsfest på anlegget. Invitasjonen skiltar med at Engebøprosjektet «set ein ny standard for berekraftig mineralutvinning og forvaltning av biologisk mangfald».

Men Nordic Mining var ikkje dei einaste som hadde fest i Vevring i dag. På utsida av anleggsgjerdet og ute i fjorden var lokale og tilreisande på plass for å seie ifrå om at sjødeponi ikkje er noko å feire.

Fjordfolk og miljøvernarar. Foto: Ingrid Gørrissen.

Det var ein utruleg fin, men tung aksjon. Det var stor kontrast å ta inn det vakre landskapet, og samstundes vite at alt dette står i fare for å bli øydelagt.

-Frøya Skjold Sjursæther, nestleiar i Grøn Ungdom.

Frøya har ikkje vore i Vevring før, og dette var hennar første møte med Førdefjorden. I dag fekk ho på seg tørrdrakt og flytevest, og deltok i aksjonen på vatnet.

 

«Plaskinga gjekk veldig fint!», seier Frøya Sjursæther. Foto: Alva Oleanna Thingnes Førsund.

I ein bil frå Firda vidaregåande kom ein gjeng frå Gloppen NU køyrande for å vere med på aksjon.

Det føltest naudsynt å endeleg rope til regjeringa og Nordic Mining igjen, etter aksjonane i 2022. Det gav definitivt nytt pågongsmot i saka, og var ein viktig påminnar om kvifor det er så viktig å kjempe denne kampen.

-Eirin Støfringsdal, lokallagsleiar

På spørsmål frå Putsj om korleis dei hadde fått til å låne den kule bilen, svarar Gloppen NU at rektor på Firda diggar dei, så det var berre å spørje, og så fekk dei lov.

«Rektor diggar oss!» Gloppen NU. Frå venstre: Johannes Paulides, Eirin Støfringsdal, Emil Knagenhjelm, Annette Holt Øyås. Foto: Alva Oleanna Thingnes Førsund.

Bassist og aktivist Maria Refsland var ikkje imponert over politikarfesten.

Det verkar som festen var verdas kjedelegaste, utifrå det eg kunne sjå. Kjolane var stygge, dressane var svindyre, men smaklause. Dette er folk som ler av oss som vil ta vare på fjorden, medan dei skålar i dyre bobler og snakkar om kursen på våpenaksjer.

Maria Refsland, bassist i bandet Sliteneliten. Foto: Alva Oleanna Thingnes Førsund.

På laurdag inviterer Nordic Mining alle som vil på opningsfest. Her skal dei ha hoppeslott, men Maria trur likevel ikkje festen blir særleg mykje betre enn politikarfesten.

Heldigvis har Natur og Ungdom planlagt ein mykje betre fest. Hit tar Maria med seg resten av bandet Sliteneliten, og speler opp til dans for ein levande Førdefjord.

Tekst: Agnes Mathilde Granli Lægreid

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme