TEKST
KARINA STRAUME
ILLUSTRASJON
MAGNUS RUUD
Etter å ha lest «Gruver 101» håpar eg at du, som eg, har lært meir om grunnleggande gruvedrift og norsk gruvedrift. Lat oss starte.
Først ein definisjon frå Store Norske Leksikon om kva ei gruve er: «Gruve, område hvor man bryter mineraler, malmer eller bergarter, enten ved en fordypning sprengt ned i terrenget (dagbrudd) eller ved underjordisk drift.» Dette var omtrent det eg tenkte definisjonen kom til å vere, men jo meir eg les om gruver, jo fleire ukjende ord kjem eg over, så her er nokre ord vi må kjenne til før vi går vidare:
ORDFORKLARING
- Skjerping/prospektering: Leiting etter malm.
- Førindustriell tid: Tida før den industrielle revolusjonen.
- Malm: bergart med så mykje metall i at det løner seg å utvinne.
- Kjerneboring: boring djupt ned i berggrunnen slik at ein kan ta kjerneprøver som gir informasjon om bergarten.
- Konsesjon: å gi ein privat marknadsaktør ei særleg rettigheit til å økonomisk utnytte noko som det offentlege eig.
- Utbrutt (berg)masse: Stein og grus som er brutt laust frå fjellet.
- Bryting: Boring og sprenging av malm.
- Fordring: uttransportering av lausbroten bergmasse frå brytningsstad i gruva til dagen.
- Sulfidmalm: samnamn for ei gruppe meir eller mindre samansette malmar der eit metall er knytt til svovel.
- Byggeråstoff: mineralske råstoff som stein og grus som først og fremst vert brukt til bygge- og anleggsformål.
Starten på ei gruve
No når vi kan nokre grunnleggande uttrykk knytt til gruvedrift kan vi starte på starten av prosessen. For korleis vert eigentleg ei gruve til? For det første må ein finne malmen som ein vil hente ut av fjellet. Geologar som leitar etter malm i dag gjer det ved å tolke og forstå 3D-modellar av geologiske strukturar basert på geokjemiske og geofysiske målingar.
«Det er store forskjellar mellom rike og fattige land.»
Dømer på dette er seismikk og elektromagnetikk. Dette er ikkje noko vi skal gå meir i djupna på no. Poenget er at det er ein prosess som består av mange ulike metodar og komponentar. Denne typen leiting nærmar seg truleg slutten då ein ved hjelp av kjerneprøver og geofysiske målingar har saumfart og kartlagt Norge sin berggrunn så godt, heilt ned til 1 000 meters djupn, at geologar neppe kjem til å finne fleire malmfunn i framtida.
Førindustrielt til moderne
Når ein har funne malmen må det søkast til staten om å få konsesjon. Då kan den som har funne malmen kan få gevinsten av å vinne ut malm frå norsk statleg eigedom. Slik var det også under til dømes dansketida, men då var det kongen som bestemte om ei gruve skulle åpnast. Den gong var det fleire ting enn berre det å finne malmen som var viktig for å avgjere om det var mogleg og teneleg å starte gruvedrift på ein bestemt stad. I førindustriell tid når ein ikkje hadde elektrisitet og forbrenningsmotorar, var bergverksdrifta avhengig av været og naturen rundt ei potensiell gruve. Ved eit malmverk trong ein tømmer og vasskraft, samt ein effektiv infrastruktur som vegar til frakt av tømmer, gods og til og med post.
Mange stadar mangla det meste som trongst for å drive bergverksdrift. Ein måtte derfor i tillegg til å etablere ei produksjonsbedrift som skulle vinne ut og smelte om malm også tilrettelegge for eit nytt samfunn i tilknytting til verket. Det tydelege skillet til industriell drift i gruvene var då ein tok i bruk sprenging med dynamitt og maskinboring. Dette auka den utbrutte massa og krevde dermed meir effektive, motorbaserte transportløysingar av massa. Både lokomotiv, elektriske vinsjar og eigne lastemaskinar var løysingar. I oppredninga tok ein etter kvart også i bruk elektrisitet til blant anna knusevalsar, pumper, steintyggarar, utrøringsapparat, transportband og så bortetter.
Dei tre driftsområda
Det første driftsområdet i bergverksdrift er sjølve gruvedrifta, som grovt sett kan delast i to, sjølve brytinga og brytinga sine støttefunksjonar. Ein slik støttefunksjon er vekktransportering av den lausbrutte bergmassa, som også vert kalla «fordring». Det er her sjaktene, som nokre av dykk kanskje tenker på når dykk høyrer ordet «gruve», kjem inn. Bergmassa kan då anten takast ut vertikalt gjennom sjakter eller horisontalt gjennom stoller. Både brytinga og fordringa i gruvedrift har blitt svært mekanisert i Norge, og ein brukar i dag store riggar til å bore og fordringa vert utført av elektriske heisar og liknande. Her finn ein store forskjellar mellom rike og fattige land, då ein i mange land i verda fortsatt brukar muskelkraft til dette arbeidet.
Det andre driftsområdet er oppredning, der malmen klargjerast for smelting ved å, så godt som mogleg, separere metallholdig gods frå verdilaus bergmasse. Dette driftsområdet er gjerne direkte knytta til gruvedrifta for å unngå dyr transport av den verdilause bergmassa som skillast vekk frå malmen i oppredninga. Til slutt har vi det siste driftsområdet, som er røsting/smelting. Røsting er varmebehandlinga malmen går gjennom for å bli klargjort til smelting. Røstinga får forureining som til dømes svovel til å drive vekk som svoveldioksid slik at metallet vert så reint som mogleg. Og til slutt vert malmråstoffet smelta og gjort om til det produktet ein skal produsere.
Metall i Norge
Ein ting eg har lurt på er kva malm vi har i Norge. Det skal eg dele med dykk no. Sulfidmalmane har nemleg vore det viktigaste reservegrunnlaget for norsk bergindustri. Sulfidmalm er eit samnamn for ei gruppe meir eller mindre samansette malmar der eit metall er knytt til svovel. Slike metall er til dømes koparkis og magnetkis (kopar), blyglans, sinkblende og pentlanditt (nikkel). Jernsulfidet svovelkis dominerte norsk bergverksindustri på 1900-talet då det vart brukt til å lage svovelsyre. Svovelsyre vart brukt som råstoff i produksjon av alt frå bleikemiddel og farmasøytisk industri til sprengstoffproduksjon og framstilling av kunstgjødselprodukt.
«I 2019 var eksportverdien til den norske mineralnæringa 5 milliardar kroner.»
Fram til 1860-åra var svovelkis berre eit ubrukeleg biprodukt av koparmalm-utvinning, før det plutseleg vart økonomisk interessant. Industristatistikken førte opp svovelkis for fyrste gong i 1861 med 2 700 tonn. Svovelkisindustrien hadde sine toppår frå 1936-1939, og produserte totalt 54 millionar tonn svovelkis, som totalt inneheldt 690 000 tonn kopar. Siste notering av svovelkis i industristatistikken var i 1994, då kunne ikkje svovelsyra som vart utvunne lenger konkurrere med kjemisk framstilt svovelsyre. Svovelkismalm vart i all hovudsak eit eksportprodukt med ein vekst driven av etterspørsel frå den kjemiske industrien i Europa.
I 2019 var eksportverdien til den norske mineralnæringa 5 milliardar kroner, som utgjer 43 prosent av den totale omsettinga. Samanlikna med andelen eksport-svovelkisen (45 prosent) utgjorde av den totale norske omsetninga i 1913 ser det ut til at den norske mineralnæringa fortsatt er ein viktig aktør på den europeiske marknaden.
GRUVEFAKTA
- I Norge har vi hatt til saman 270 verk og større gruveforetak
- Forsiktig anslått er det i norsk historie 1,5 millionar nedlagte årsverk i norsk bergverksdrift.
- Det vil seie forsiktig anslått 3 750 årsverk i gjennomsnitt per år det har vore bergverksdrift av betyding i Norge.
- Bergverksdrift er ei av dei nasjonaløkonomiske viktigaste næringane i Norge gjennom tidene saman med jordbruk, skogbruk, sjøfart og fiske.
- I løpet av dei siste hundre åra er det teke ut meir råstoff enn i menneskeheita si heile tidligare historie.
- På desse 100 åra har jernproduksjonen auka 100 gongar og koparproduksjonen 60 gongar frå kva den var.
- I starten var det berre kol og nokre få metall som vart produsert i bergverksnæringa, medan det i dag er over 100 mineralske råstoff.
- Kvar nordmann forbrukar rundt 15 tonn mineral årleg.- I dag drivast det hovudsakleg «dagbrudd», det vil seie eit stort hol i bakken, ikkje underjordiske gongar slik ein hadde før.