Ada prøver seg som gravejournalist

Korleis gjere gravejournalistikk? Me har gitt Ada i oppdrag å finne ut av dette og ikkje minst prøve på å grave sjølv.
TEKST: Ada Amilia Skjensvold

Korleis gjere gravejournalistikk? Me har gitt Ada i oppdrag å finne ut av dette og ikkje minst prøve på å grave sjølv.

Kva er gravejournalistikk? 

Sist eg grov var når eg skulle sette poteter tidlegare i år. Når eg først graver er det godt å bli skitten på fingrane, sliten i ryggen og med litt flaks, sveitt i panna av sola som steiker. Denne gravinga her er noko anna. Eg skal prøve meg som gravejournalist. 

Undersøkjande journalistikk, også kalla gravejournalistikk, er å avdekkje nye fakta eller samanhengar. Gjennom systematiske undersøkingar er målet å avdekkje maktmisbruk og kriminalitet. Dette kan koplast til den uoffisielle rolla pressen har som den fjerde statsmakt og samfunnets vaktbikkje. Jobben til vaktbikkjene har blitt større og vanskelegare å rekke over i takt med framveksten av digitale media og harde tider for dei tradisjonelle medieplattformene. Samtidig er digitaliseringa ei gåve for dei som er på jakt etter eit funn, med store mengder data, offentlege dokumenter og digitale spor lett tilgjengeleg. 

Er det ikkje paradoksalt? Informasjonen ligg der, meir tilgjengeleg enn nokon gong, samtidig er det sinnsjukt mykje kriminalitet og maktmisbruk som aldri blir oppdaga sjølv om det er rett under nasen på vaktbikkjene.  

«Undersøkjande journalistikk, også kalla gravejournalistikk, er å avdekkje nye fakta eller samanhengar»

Når vaktbikkjene ikkje rekk over alt og det er mykje kriminalitet og maktmisbruk som aldri blir oppdaga, betyr jo det at vi som ikkje har jobb som vaktbikkjer, eller journalistar som det heiter på fagspråket, har moglegheit til å avdekke kriminalitet og maktmisbruk sjølv!  

Gravejournalistikk – korleis? 

Journalist er ein ubeskytta tittel. Det betyr at eg og du og kven som helst kan kalle seg journalist. Du kan kaste vekk hagespada mens du grev i jorda og rope «eg skal på eit journalistisk oppdrag!» Det store spørsmålet er berre korleis i helsikke driv ein med gravejournalistikk? Eit sted å starte er å undersøke kor me kan finne fakta. 

Hovudregelen i  offentleglova er at saksdokument frå offentleg verksemd  er ope for innsyn, med mindre det er lovleg heimel for at dokumentet eller opplysningane er unntatt offentlegheita. Offentleglova gjeld tradisjonell forvaltning, departementa, kommunar,  fylkeskommunar og en del selskap med offentleg eigarskap. Døme på organ som har lovleg heimel for å halde tilbake informasjon frå offentlegheita og dermed ikkje er tilgjengeleg for meg og deg er domstolane, politiets arbeid med straffesaker og Stortinget.  

Eller, når det kjem til Stortinget er det faktisk ikkje sant at du og eg ikkje har tilgang på saksdokument. Stortinget har nemleg vedtatt i eiga lov at dei skal følgje offentleglova så langt det lar seg gjere. Når dei har laga denne regelen for seg sjølv visar det oss kor viktig det er at ein har tilgang på offentleg informasjon. Det er ein del av demokratiet vårt, og for at det skal vere noko poeng i å ha ting offentleg må vi ta i bruk informasjonen. Den ligg jo berre og ventar på oss.  

Saksdokumenta som du har innsyn i, og som kan vere brukbare for å drive gravejournalistikk for naturvernarar, finn du blant anna i databasar på det o store internett. Det finst digitale postlister for kommunar og fylkeskommunar i heile landet, og postlister på eInnsyn.no for alle moglege greier. Det er lett å finne og fungerer som nettbutikkar der du lagar brukar og legg dokument i handlekorga di for så å vente til du får dei tilsendt på e-post.  

«Du kan kaste vekk hagespada di mens du grev i jorda og rope «eg skal på eit journalistisk oppdrag!» Det store spørsmålet er berre korleis i helsikke driv ein eigentleg med gravejournalistikk?»

På miljøvedtak.no har du tilgang på enkeltvedtak og forskrifter på forskjellige miljøområder. Sjølv om noko er vedtatt kan ein alltids stoppe det, så her kan du lett søkje på vedtak i di kommune for å sjå kva saker som i det heile tatt finst før du graver vidare.  

På KOFA (Klagenemnda for offentlege anskaffelser) kan du sjå kva andre har klaga på av vedtak og undersøkje vidare i den saka om det har skjedd noko i prosessen som er verd å merkje seg. Det fine med alle desse databasane er at du kan bruke søkjeord som natur, klage, skog, dispensasjon, vern og så videre. Om du hatar internett går det alltids an å gjere det på gamle måten og melde seg opp til å få tilsendt alle nye dokument i posten, og leite i fysiske arkiv etter gamle saksdokument. Skulle du få nei når du spør om innsyn i eit dokument kan du alltids klage på innsyn jamfør offentleglova §13 (1).  

Å gjere eit SKUP 

Når det kjem til sjølve graveprosessen, og ikkje berre kor du kan finne ting, kan du finne tips i metoderapportane som er sendt inn til SKUP (Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse). Her kan du ta inspirasjon frå dei beste gravejournalistane i Noreg.  

For meg som aldri har grave på internett før kjennes det som eg sitter og graver åleine i ein potetåker med berre den vesle hagespaden min. Eg roter meg inn i postlista til Tromsø kommune utan at eg veit kor eg er på veg. I den eviglange postlista fann eg ut at Securitas AS har utført ein god del skjenkekontrollar den siste tida. Ikkje akkurat eit SKUP. Hadde eg funne ut av når det skal vere skjenkekontroll i Tromsø neste gong trur eg interessa for funna mine hadde vore større, eg kunne seld informasjonen til utestader i Tromsø og tent eit par lappar. Men så er gjerne dette eit av unntaka frå offentleglova, saman med fasit for eksamen og andre ting ein gjerne skulle hatt innsyn i, og så kjennest det som om du berre har tilgang til den ubetydelege informasjonen frå det offentlege.  

Kva skal du grave i? 

Eg mistenker at internettgraving, akkurat som vanleg grave-i-jorda-graving, er meir handterbart om ein veit kva som er målet. Om du aner at det er noko muffins på gong eller har fått tips om ei sak og vil undersøkje grundigare. Skulle du vere som meg og gå rundt utan å ha ein mistanke om at det kan vere noko som er feil i prosessen med den nye parkeringsplassen eller ikkje har fått tips frå nokon andre om at det kan vere ugler i mosen, finnes det likevel håp om å finne noko å grave i.  

Om du tør å spørje om hjelp kan du spørje folk rett ut på Instagram, Facebook eller kanskje på gata: «har du ein sak som du vil grave i, men har ikkje moglegheit til å gjere det sjølv? Eg kan gjere det for deg!». Synes du det var ein rar ting å gjere? Spør naturvernforbundet om dei har fått tips om ei sak dei burde jobbe med, men ikkje har tid til å sjå på sjølve. Det har ein tendens til å vere flest gamle folk som sendar mail om ting naturvernare burde jobbe med. Desse gamle folka tek ofte kontakt med andre gamle folk.  

Du synes at det er pinleg å spørje om hjelp i det heile tatt? Heldigvis for deg er det skjedd ei feil i prosessen av nesten all natur som blir øydelagd, så leit i listar og brev der nedbygginga av nærskogen din blir nemd, frå start til slutt. Slik vil du mest sannsynleg finne noko som ikkje har blitt gjort riktig.  

God graving! 

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme