Ei geit

Sigrid Heiberg er lei av at folk som ikke har satt seg inn i saken, skal debattere økologisk landbruk og kalle det for hippiemat. Foto: Sigrid Heiberg

«Økologisk», du liksom

Herregud, no er eg så lei altså. Så innmari, innmari lei. Av folk. Gamaldagse folk. Trangsynte folk. Vonde-å-vende-folk. Meir spesifikt: folk som hatar på økologisk landbruk.

Skrevet av

Sigrid Z. Heiberg

Eit heilt vanleg menneske med sunn fornuft

Fordi, altså. Er det mogleg, liksom? Kor jævla vanskeleg skal det vere? Komaaaaan. Heile tida skal kjipe folk, som openbart aldri har lese ein forskningsrapport i heile sitt liv (eller som i tilfelle har lese dei med skylappane og idiot-brillene på), komme og «debattere» økologisk landbruk.

«Hvor mye mer antioksidanter er det egentlig i økologisk mat i forhold til i konvensjonelt dyrket mat?» «Øko-mat er bare dyrt og jålete.» «Vi trenger industrilandbruket og sprøytemidler for å produsere nok mat til alle.» «Det er uansett ikke påvist overskridelser av grenseverdier for plantevernmidler i norskprodusert mat de siste to årene, så da er det vel ikke så farlig» «Alle øko-folk er hippi-folk». «Kyr promper masse uansett, og da blir det klimaendringer da, vettu!» (Legg merke til at eg la over til bokmål når eg gjorde narr av dei håplause, gamaldagse, transynte folka. Eg har lyst til å skryte på meg at det var eit bevisst, språkleg grep. Men det var det ikkje. Det var heilt ubevisst.)

SJØLVSAGT er det betre for både menneske og miljø å produsere mat mest mogleg på naturen sine premiss. SJØLVSAGT. Sjølvsagt er mat som er produsert uten sprøytemiddel betre for deg som et den. Du treng ingen doktorgrad for å forstå det! Sjølvsagt er det betre for bønder i utviklingsland å dyrke lokalt tilpassa planter på ein måte som ikkje utarmar jorda, og som sikrar trygg mattilgong også for framtidige generasjonar. Sjølvsagt er det betre for bonden å sleppe å dynke seg sjølv og omgjevnade sine i gift. Sjølvsagt er det betre for dyra med strengare reglar for dyrehald.  Det er ikkje mangel på mat i verda som er problemet, og som gjer at millionar av menneske går svoltne til sengs kvar kveld. Me har meir enn nok kaloriar til alle i dag, og kan produsere nok også i framtida – med økologisk jordbruk. 

Problemet er den vanvittige skeivfordelinga av ressursar, i kombinasjon med eit urettferdig handelssystem og enormt svinn. Og alt dette kan gjerast noko med, dersom det finnast politisk vilje.  Så koman, kompis. På tide å slutte å vere ein dritfyr. La oss legge debatten om «økologisk» landbruk versus «konvensjonelt» landbruk død. Omgrepa i seg sjølv er jo heilt tullete. Det burde i staden heite «landbruk» og «landbruk med bruk av massemasse gift og ekstra mykje dyreplageri». Og det siste burde vore forbode.


Meninger, livsstil, Mat, jordbruk