To kvinner sitter i en trapp og ler.

GRØNN DUO: Stillits er namnet på ein fink. Namnet er dessutan eit palindrom, som vil seie at det er same ordet baklengs og forlengs. Visesongarduoen består av Mathilde Fongen og Karina Nybø. Foto: Stillits

Norsk duo på grønn turné

I staden for å bruke sommaren på jobbing eller Sydenferie, tar songarduoen Stillits togskinnene fatt for å gje folk gode musikkopplevingar – på miljøvennleg vis.

Skrevet av:

Gaute Eiterjord

Nestleiar i Natur og Ungdom

Stillits er ein duo som består av songarane Mathilde Fongen frå Oslo og Karina Nybø frå Askvoll. Dei møttest då dei gjekk på Seljord Folkehøgskule i Telemark. Ikkje berre fann dei ut at dei kunne spele god musikk i lag, men også at dei sommaren 2015 skulle utforske, underhalde og nyte Norge på grønnast mogleg vis.

Stillits speler visepop med songar og musikk komponert av Mathilde, samt nokre coverlåter. Lydbiletet er enkelt og intimt med kassegitar og risteegg. Stilits speler som regel på pubar, kafear og små scener på festivalar, noko dei meiner gir ei unik moglegheit til å snakke til folk:

– Så langt på turneen har me møtt utruleg mange hyggelege folk, og blitt tatt imot med opne armar. Når me speler på dei små stadene me gjer, når me folk så lett, og det er då me skaper opplevingar, både for oss og publikum, seier duoen samtstemt.

 

Turné på skinner

Det sterke miljøengasjementet deira gjorde det sjølvsagt at turneen måtte føregå på mest miljøvennleg vis – med tog og kollektivtransport.

– Tog er overlegent når det kjem til å reise komfortabelt. På toget slepp ein sikkerheitskontroll, køar, turbulens og alt det andre ein må gjennom når ein tar fly. For oss er det dessutan lettare å få med oss gitaren, me treng ikkje sende spesialbagasje. SAS har dessutan mista gittarreima mi, det har ikkje NSB, seier Mathilde.

– På toget kan ein kan sitte i ro og mak og strikke eller lese. Ein får dessutan sjå utrulege utsiktar, særleg på Nordlandsbana, føyer Karina til.

Men Troms og Finnmark blir det ikkje med det første, dokker må kanskje lage ein song for tog til Tromsø?

– Haha, ja det må me vel kanskje!

To kvinner står med en gitar foran et telt med påskriften "Lillekos".

Trænafestivalen: Putsj møtte Stillits idet dei skulle opptre på Open mikk på Trænafestivalen. FOTO: Gaute Eiterjord.

Oppgitte over matkasting

Kanskje vert Stillits også å sjå på miljørelaterte arrangement i framtida.

– Det er få ting som gjer oss så opprørte som øydelegging av naturen, særleg saka om dumping i Førdefjorden har engasjert oss det siste året, fortel Karina.

Mathilde fortset:

– Elles vert me oppgitte over den utrulege matkastinga som føregår – det er heilt sjukt at det kan sitte folk på gata i Oslo og svelte, samstundes som bakeriar hiv bakverk som berre er ein dag gamle.

Stillits set derimot pris på at festivalar som Trænafestivalen gjer ein innsats for å rydde opp.

– Det er ein utruleg flott jobb mange gjer med søppelsorteringa, ikkje minst dei frivillige som går og plukkar. Natur og Ungdom har gjort ein super jobb her på Trænafestivalen!

 

Togturne framfor Sydenstrand

Turneen deira har gått frå Oslo til Trondheim, Bodø og Nesna, samt open mikk på Trænafestivalen. Vidare reiser Stillits sørover til Bergen og Florø. Begge jentene er imidlertid klar på at det så langt har vore ei fantastisk oppleving, som dei aldri ville byta mot ei chartertur:

– Joda, me bruker kanskje opp ein del sparepengar på dette, men til gjengjeld så må me gripe sjansen mens me er unge til å gjere slikt som dette. Det er absolutt verdt det, seier Mathilde.

Dokker ville ikkje gjort som mange andre og dratt på Sydenferie?

– Aldri i livet!

Tema, musikk, Miljø, Festival