Natur og Ungdom utenfor tinghuset da klimarettsaken pågikk Foto: Nora Hua Ly Kok

Kva har skjedd i klimasøksmålet?

Mykje har skjedd med klimasøksmålet i det siste. Natur og Ungdom, Greenpeace og Besteforeldrenes klimaaksjon har fått dom i saka, anka, og har no fått ny dato for neste runde.

Tekst:

Thor Due

Sentralstyremedlem, Natur og Ungdom


I oktober 2016 saksøkte Natur og Ungdom og Greenpeace staten for brot på Grunnlovas paragraf 112. Seinare blei Besteforeldrenes klimaaksjon med. Staten hadde delt ut mange nye oljelisensar i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde (ein konsesjonsrunde er ein tildeling av nye felt for oljeboring). 

Les også: Miljøets rettssikkerhet må styrkes!

Naturvernorganisasjonane meinte at nye oljelisensar i Arktis ikkje stod overeins med Grunnlovas miljøbestemmelse, som seier:

 Alle har rett til eit helsesamt miljø (…) Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

 – Grunnlovens paragraf 112

Frikjend i retten

Saka var oppe i Oslo tingrett i november 2017. I Januar 2018 fekk Natur og Ungdom dommen. Dommen frikjende staten for krava frå naturvernorganisasjonane om at 23. konsesjonsrunde må stansast, men anklagarane vann fram på eit viktig punkt. Tingretten slo fast at Miljøparagrafen, altså paragraf 112, er ein rettsbestemming. Staten meinte det motsette. Ifølge Haldis Tjeldflaat Helle, som jobbar med klimasøksmålet i sentralstyret til Natur og Ungdom, er dette ein stor framgang.

 alt=

Haldis Tjeldflaat Helle Foto: Anrfinn Storsveen

– Før fanst det i praksis ingen bestemming for kva rett på miljø folket i Norge hadde. Staten såg på paragrafen som eit godt råd dei kanskje kunne følge. No er det slått fast at alle har ein rett på eit helsesamt og leveleg miljø, og dette må staten følgje opp, forklarar Helle.

Eksportere utslepp

Men kvifor vart staten då frikjend? Tingretten meiner at det eksisterer ein grense for kva miljøskadar som kan verte tillaten. Men tingretten meiner ikkje at 23. konsesjonsrunde overstig denne grensa. Hovudgrunnen til dette er at dommen ikkje tek eksporterte utslepp med i berekninga. Men eksporterte utslepp, kva betyr det?

– Eksporterte utslepp er den olja og gassen som Norge hentar opp her og sel til andre land, der det blir brend, seier Helle. 

Eksporterte utslepp er altså nesten alt av utslepp frå norsk olje og gass, ettersom over 90 prosent av det som blir henta opp, blir eksportert. Om ein ikkje rekner med det, er det klart at det ikkje blir mykje att.

– Det er litt som å si at dersom Norge sender opp ein rakett, og han landar i et eit anna land, til  dømes Storbritannia, så er det Storbritannia sitt ansvar, og ikkje Norge sitt, fortel Helle.

– Alle skjønar jo at det ikkje heng på greip.

Rett til Høgsterett?

ANKER: Oslo tingrett frikjende staten, men slo fast at grunnlovens miljøparagraf er ein rettsbestemming. No kjem saka til lagmannsretten. Foto: Eirin Torgersen

Med bakgrunn i dette bestemte Natur og Ungdom, Greenpeace og Besteforeldrenes klimaaksjon å anke saka. Organisasjonane valde å anke direkte til Høgsterett. Altså ønskte dei at saka skulle hoppe bukk over lagmannsretten, og ta kortare tid. Helle seier dei valde å sende saka direkte til Høgsterett fordi klimaendringane og naturmangfaldet hastar. Då har ein ikkje tid til å vente i kø.

Men da Høgsterett behandla anka, kom dei fram til at dei ikkje ville la saka gå rett til øvste rettsinstans. Dermed kjem saka til lagmannsretten, som på mandag satte 5. november 2019 som dato for kva tid søksmålet skal inn i rettssalen. Det er i utgangspunktet satt av sju dagar til forhandlingane.

 alt=

Leder i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord Foto: Eirin Torgersen

Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom, skulle ønske at datoen var tidlegare

– Det er fint å endeleg få ein dato for kva tid klimasøksmålet skal opp i rettens andre instans, men det er synd at datoen er såpass langt fram i tid. Klimaendringane skjer allereie no, seier Eiterjord.

Eiterjord seier at Natur og Ungdom no vil bruke tida framover godt saman med advokatane og medpartane Besteforeldrenes Klimaaksjon og Greenpeace.

– Vi kjem til å forberede oss godt, og vi kjem så klart til å fortsette å kjempe kampen for ein betre oljepolitikk på andre arenaer i tillegg, avsluttar Eiterjord.

Berre i sommar har Statoil, Spirit Energy og Aker BP planlagd prøveboringar i områda som er omfatta av 23. konsesjonsrunde og klimasøksmålet. Truleg vil det også vere prøveboringar sommaren 2019 også.

Aktuelt, klimarettsak, Jus