Kva har insekt å seie for matproduksjon?

Kvifor er insekt viktige å bevare? Og kva konsekvensar vil insektdød ha for produksjon av maten både du og eg nyt godt av?

Tekst

Jannicke Totland

Jannicke jobber som studentsekretær i Natur og Ungdom, og er fast skribent i Putsj.

Illustrasjon:

Stian Tranung / www.stanung.no

Ein studie av 40 ulike matplanter over heile verda viser at insektpollinerte planter førte til større avlingar enn avlingar utan. Det viser at mangfaldet av ville pollinerande insekt er viktig, og blir stadig viktigare då me dyrkar fleire jordbruksvekstar som er avhengige av pollinering.

Om du likar insekt eller ikkje, er ein ting iallfall heilt sikkert: me er heilt avhengige av dei. Insekta er talrike og tilstade i nesten alle økosystem, og utan insekta vil prosessar og funksjonar i naturen bryte saman. I terrestriske økosystem speler insekt ei sentral rolle i ulike økologiske prosessar, og bidrar blant anna til å spreie næringsstoff og frø, pollinering i tillegg til å motverke skadedyr. Utanom landsbruket er dei i tillegg til dette ei viktig kjelde til næring for andre dyr i kosten vår. 

Driftige pollinatorar

Ein sentral grunn til kvifor insekt har ei viktig rolle i matproduksjon er at bidrar til å bestøve avlingane våre. Sjølv om vindbestøva kulturplanter som ris, mais og ulike typar korn står for den største delen av energiinntaket vårt, er insektpollinerte frukter, bær og nøtter ei vesentleg kjelde til eit variert kosthald. Fleire av dei viktigaste jordbruksplantane og matressursane våre er avhengige av insektpollinering, og av den grunn er insekt essensielle for ein stor del av matforsyninga vår.

Ein studie av 40 ulike matplanter over heile verda viser at insektpollinerte planter førte til større avlingar enn avlingar utan. Det viser at mangfaldet av ville pollinerande insekt er viktig, og blir stadig viktigare då me dyrkar fleire jordbruksvekstar som er avhengige av pollinering. I følgje Naturpanelet IPBES er mengda av slike vekstar tredobla dei siste 50 åra, men samstundes er det ein nedgang i både førekomst og mangfald av ville pollinerande artar.



Motverkar skadedyr

Ein annan viktig funksjon insekt har når det kjem til matproduksjon er at dei er med på å motverke skadedyr. Rovdyrinsekt har ein viktig funksjon i økosystem ved å saman med parasittar vera ein viktig bidragsytar til å kontrollere omfanget av skadedyrinsekt i dyrka avlingar. Fleire studiar viser at artar som kan livnære seg av eit breitt spekter av byttedyrartar, såkalla generalistar, er med på å redusere omfang av skadedyr i dyrkbar jordbruksmark som bladlus, sniglar, kålfluger og fytofagøse biller.

I bresjen for resirkuleringsbransjen

Vidare, er insekt med på å resirkulere næring, som gir grunnlag for nytt liv. Majoriteten av alt plantemateriale som veks og gror, endar livssyklusen sin på bakken. Dette gjeld og plantemateriale som blir ete, som endar på jorda i form av møkk eller daude planteetarar. Saman med sopp, er det fleire essensielle insekt som står i bresjen for denne viktige ryddejobben. Av desse kan ein nemne midd, maur, meitemark, spretthalar og billelarvar. I tillegg til å rydde bakken for daude plantar og dyr, har dette og ein viktig funksjon ved å  bringe næringsstoff i daudt organisk materiale tilbake til jorda og er dermed med på å omdanne jorda til fruktbar jord.

Insekt som mat for andre dyr

Sist, men ikkje minst er insekt essensielle i matproduksjon då dei fungerer som mat for andre dyr i kosten vår. Dette gjeld særleg større dyr som fiskar og fuglar.

Fisk i ferskvatn et for det meste insekt – blant anna larvar av mygg og knott, døgnfluger og augnestikkarar. Dette er då nokre insekt held avkomma under vatn til dei er store nok til å overleve over overflata. Under vatn blir mange av dei  etne av abbor og aure – som igjen blir mat for oss.

Insekt er og ein sentral rett i kosten til fuglane. Ikkje minst er insekt ei viktig kjelde til næring for fugleungane. Faktisk et åtte av ti norske fuglar insekt, anten som primærnæring eller i tillegg til anna kost. Dette inkluderer gjerne artar me gjerne jaktar på, som fjellrypa og anna skogsfugl.


4 matvarer som treng insekt:

Kaffi

Sjølv om den vanlegaste kaffiplanta er sjølvpollinert, så får kaffiavlinga eit betydelig større omfang dersom buskane byter pollen. Dette er særleg då kaffiblomen har kort blømingstid, og pollineringa blir effektivisert ved besøk av insekt. Faktisk opp mot 50 prosent jamfør enkelte studiar. Likevel er dette ein bransje som er sterkt truga.

Rapportar spår at på ein periode på 30 år vil klimaendringane gjere kaffiproduksjonen i Mellom-Amerika til berre ein tiandedel av det den er i dag. Dette har bakgrunn i studiar som viser at områda som er optimale for kaffiproduksjonen vil flytte seg. Det gjeld og biene som bestøvar kaffien. Problemet er at dei ikkje vil flytte seg på same måte. Konsekvensar av dette er at områda som i utgangspunktet eigna seg for kaffidyrking vil bli kraftig reduserte i tillegg til færre bieartar i dei nye områda for kaffiproduksjon.


Frukt og bær

Insekta er og ein avgjerande faktor for å sikre betre kvalitet på ulike frukt og bær. Om ein til dømes ser på jordbær, som er ei såkalla falsk frukt blir insektpollinerte jordbær både finare, større, raudare og fastare enn jordbær som er vind- eller sjølvpollinerte. Dette er og ein fordel når det kjem til lagring og transport og lengre haldbarheit gjev bonden meir profitt. 

Liknande effektar gjeld og for andre insektpollinerte avlingar. Epla blir søtare, blåbæra større, raps får større innhald av olje og melonar og agurkar blir fastare. Dessutan er det ingen tvil om at insektpollinerte plantar smakar betre!


Sjokolade

Det finst få vesen som er like irriterande som mygg, med faktum er at myggen har ei sentral rolle når det kjem til produksjon av ei matvare me menneske er særs glade i – nemleg sjokolade. Med skrekk og gru varslar nokre produsentar mogleg sjokolademangel i nær framtid. Årsakene botnar i eit resultat av faktorar som klimaendringar og auka sjokoladeforbruk i land som Kina og India. Likevel, er det ein tredje sentral faktor ikkje like mange snakkar om, nemleg ein liten knott – populært kalla sjokoladeknotten. Kakaoblomane er komplisert bygd, og sjokoladeknotten er ein av få insekt som klarer å bestøve dei.

Den største delen av kakaoen i verda blir produsert i Vest-Afrika. Med eit endra og varmare klima vil tørkane bli tørrare og hyppigare, noko som får negative utslag hjå både kakaoplanta og sjokoladeknotten. Sist, men ikkje mist er det og dårlege nyhende for tusenvis av småbønder som er avhengig av å dyrke og selje kakao.


Marsipan

Med mandlar og melis som hovudingrediens er det ikkje mykje som skal til for å lage marsipan. Likevel er ikkje mandlane sitt opphav like «piece of cake». Åtti prosent av mandelproduksjonen i verda skjer i California som har eit ideelt klima for intensiv  produksjon. Mandlane blir hausta i slutten av september ved hjelp av ein maskin som ristar mandlane ned– som igjen blir hausta av ein diger sugemaskin. Og dette ikkje utan kontrovers.

Med eit mål om mest mogleg effektivitet og hygiene, er idealet om at jorda mellom trea skal vera hardpakka og rydda. Det gjer at det ikkje er noko mat å finne for naturlege pollinatorar på lang sikt, noko som mildt sagt er upraktisk når trea er avhengige av dei for å produsere frukt. Som ein konsekvens av dette blir det satt inn ein massiv flytteoperasjon av honningbier kvar februar i USA. Over ein million bikubar blir frakta i lastebilar til California, frå heile landet for å sikre julemarsipanen til deg og meg.

Tema, Insekter, Matproduksjon