Klimaprofittørane

Samstundes som nokre kjempar med nebb og klør for å stoppe klimaendringane, er det andre som ser på klimarisikoen som eit middel for å skape profitt.

Tekst:

Vilde Gjerd Lied

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

Illustrasjon:

Rein Refvik

Det einaste som står i hovudet på kapitalistane er pengar og profitt. I dette systemet er menneske redusert til eit produksjonsmiddel i ein produksjonsprosess, medan naturen og miljøet ikkje har større verdi enn pengane ein kan skape på dei.

Det er ulike måtar å tjene på global oppvarming. Det er dei som tjener på prosessane som fører til klimaendringar, dei som tjener på konsekvensane av dei, og til slutt dei som tjener på grønt entreprenørskap og klimaaktivisme.

Les også: Vi blir ikke gladere av å kjøpe mer

Alt for vekst

Desse kapitalistiske kreftene manar til auka forbruk, fortsetta oljeboring og industrialisering og effektivisering av våre primærnæringar. Alt for økonomisk vekst. Myndigheitene opnar for oljeboring i stadig meir sårbare områder, og stadig meir land blir okkupert på færre hender. 

Vi veit at olja må bli liggande og at industrijordbruket må erstattast med eit landbruk som vernar om jorda, i staden for å utnytte ho, men dette inneber å nekte storkapitalen næringa den krev.

Myndigheitene opnar for oljeboring i stadig meir sårbare områder, og stadig meir land blir okkupert på færre hender. 

Samstundes opplever vi stadig smeltande polar, kraftige orkanar, flaum og tørke. For kapitalen er ikkje dette noko problem. Smeltande isbrear skapar berre meire bart fjell, der vi kan kan bore etter dyrebare mineralar, samtidig som eit stigande havnivå skaper større havrom der vi kan dumpe massane vi ikkje tjener pengar på. Kapitalen har lært seg å sjå moglegheitene i klimaendringane.  

Med klimaendringane kjem ressursknappheit, blant anna ved vassmangel og matmangel. Her er dei som ønsker å tjene pengar på ein varmare planet og ustabilt vêr. Dette skaper høgare risiko, noko som får selskapa til å sikle etter utsikta til høgare avkastning. 

Med stadig mindre tilgang til vatn og dyrkbar matjord har ein sett selskap som i ein svært liberalisert marknad kjøper opp vassreservoar og matjord i andre land. Selskap som Water Asset Management frå New York kjøpar opp rettar til vatn i andre land, medan sveitserar blir oppmoda til å kjøpe opp land i blant anna Australia.

Dersom den økonomiske veksten i EU byrjar i å auke igjen, vil nok klimagassutsleppa auke i takt med denne.
Ikkje mitt utslepp

Ei stadig meir globalisert verd har opna moglegheiter for å flytte produksjonen der det er billigast. Dei siste åra har ein sett at det er få ting ein ikkje kan «outsource» til andre land, sjølv klimagassutsleppa. 

Les også: «Skal Noora hooke med William?»

Dette skjer både ved at produksjon av varene skjer i andre land og gjennom klimakvoter. Gjennom klimakvotene kjøper blant anna Noreg seg til eit ønska klimarekneskap, medan utsleppa frå norsk olje, og andre norske selskap, i utlandet ikkje blir rekna med.

Økonomisk vekst har sterk samanheng med utslepp av klimagassar. Dette er ein av grunnane til at EU har hatt mindre klimagassutslepp dei siste åra. Dersom den økonomiske veksten i EU byrjar i å auke igjen, vil nok klimagassutsleppa auke i takt med denne. 

Kapitalen har lært seg å sjå moglegheitene i klimaendringane.  

Dette heng også saman med at EU i stor grad har flytta produksjonen ut av regionen, samt at ein har kjøpt seg ut av klimagassutsleppa gjennom klimakvoter.

Grøn profitt

Det er ikkje berre såkalla kapitalistar som profitterar på klimaendringane, men også «grøne» entreprenørar eller klimaaktivistar. Al Gore har gjennom si klimaaktivsme tjent fleire millionar dollar, blant anna gjennom eit selskap for karbonhandel. Vidunderbarnet Elon Musk har på si side opparbeida seg ei milliardformue på grunn av sine teknologiske tiltak for å stoppe klimaendringane.

Det vi kan lære frå desse selskapa, er evnen dei har til å sjå moglegheiter i klimaendringane. Moglegheiter til å endre og forme samfunnet slik vi ønsker det. Og det første steget må vere å gå vekk i frå det kapitalistiske samfunnet som skaper dei.

Les meir: