Fishy Business

Noreg har aldri tent så mykje pengar på fisk som i dag, og ein skulle tru det var nok av fisk i havet for unge som vil etablere seg i næringa. Likevel er det mange skjær i sjøen for framtida til dei norske fiskeria.

Skrevet av:

Gaute Eiterjord

Leiar i Natur og Ungdom

Illustrasjon:

Rein Refvik

Sjølv om fisken er vår felles ressurs, vaks det fram ein marknad for å kjøpe og selje rettane til å fiske.

Fakta

Professor ved Norges fiskerihøyskole Torbjørn Trondsen har gått gjennom korleis norske kystkommunar har tapt rettigheiter (kvoter) til å delta i torskefiske sidan 2005 då kjøp og sal av kvoter mellom båtar med lengde frå 11 til 29 meter blei tillate:

  • Gjennomgåande er det fjordkommunane lengst frå dei store torskefelta som mistar kvoter, til fordel for fiskarar og reiarar som ligg nærmare fiskefelta og i større byar og tettstader.
  • Nordland har mista 13 prosent av kvotene sine, Finnmark har mista 10 prosent. Troms har fått nesten 16 prosent fleire kvoter.
  • Totalt 58 kommunar i dei nordnorske fylka har mista kvoter. Til dømes har Vågan kommune mista 45 prosent av kvotene sine. Vardø har mista halvparten, Harstad fire femtedelar. Skånland, Gratangen, Balsfjord, Kvænangen og fleire andre har og leire kommunar på Helgelandskysten har mista alle kvotene sine.
  • 21 kommunar har hatt vekst, mellom anna Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Nesseby, Gamvik, Tromsø, Lenvik, Lyngen, Bjarkøy, Berg, Sørreisa, Bodø, Øksnes, Sortland, Meløy, Lurøy og Moskenes.

«Ka sku vi gjort utan havet? Bært båtan og planta fesken?» Kysten, havet og fisken er utan tvil ein viktig del av den historia me nordmenn fortel om oss sjølv. Inntektene frå handel med tørrfisk har bygd både Bryggene i Bergen og Nidarosdomen. Norges Banks nye serie med pengesetlar er dekorert med fisk og skip og regjeringa har peika ut Havet (med stor h) som sitt nyaste satsingsområde. Mens folk mistar jobben i oljeindustrien, seglar havet nok ein gong opp som det som skal redde den norske økonomien og gjere det liv laga å leve her oppi nord også i framtida. Det er mykje diskusjon kva denne havsatsinga faktisk skal vere, om det er oljeboring, skipsfart, gruvedrift på havbotnen, oppdrett eller villfanga fisk.

Utrulege verdiar

Ein ting er uansett sikkert: Noreg vil halde fram med å vere ein nasjon som haustar av ressursane i havet, og størst av alt er fisken. Me har utrulege fiskeressursar og eksporterer 21 millionar fiskemåltid kvar dag. I fjor eksporterte me villfanga fisk til ein verdi av nesten 17 milliardar kroner, ein ny rekord som me ligg godt an til å slå i år.

Etter fisken som lever rett utfor kysten vår har bite på kroken eller gått i garnet, blitt levert på kaia, sløyd og pakka, blir den sendt til heile verda. Fleire land har lange tradisjonar for å bruke norsk fisk i matlaginga si, til dømes Italia, Portugal og Nigeria. 

Den norske fisken er med andre ord utruleg verdifull, både for oss og verda. Me er heldige som har så store fiskeressursar utfor kysten vår, og at me samanlikna med andre land har klart å ta vare på bestandane. EU slit til dømes med overfiske i sine hav, og internasjonalt er overfiske eit kjempeproblem. I Noreg ligg derimot alt til rette for at det fortsett er liv laga for fiskerinæringa i framtida. Eller? 

Noregs trivelegaste yrke i tilbakegang 

Sjølv om me aldri før har tent meir pengar på  fisken vår, og torskebestanden vår er på sitt høgaste nivå sidan andre verdskrig, er det ikkje alt som peikar rette vegen i den norske fiskerinæringa. Fiskaryrket er kanskje det yrket i Noreg kor folk trivst aller mest i jobben sin. Forskararv på Sintef gjorde ei spørjeundersøking blant over 800 norske fiskarar, og nær 99 % svarte at dei ofte eller alltid trivdest på jobb. Likevel har talet på fiskarar i Norge gått jamt og trutt nedover dei siste tiåra. Ved tusenårsskiftet hadde me om lag 13 000 fiskebåtar i Norge. I 2014 var talet redusert til 6000. Og gjennomsnittsalderen på norske fiskarar blir berre høgare og høgare. 

Ungdom som før lett kunne kome inn i næringa møter nå mange barrierar viss dei ønsker å etablere seg med eigen fiskebåt for å hauste av havet som så mange har gjort før dei. Ein skulle tru at når me har så rike fiskeressursar som me har i Noreg, var det plass til alle på havet, men slik er det ikkje i dag. Kva har skjedd?

Fiskekvoter skulle redde torsken…
Allmenningen blir stengt

For å skjønne korleis denne utviklinga har skjedd, må me gjere eit lite dykk ned i norsk fiskeripolitikk. Først skal me lære oss kva ei fiskekvote er. I følgje lovene me har i Norge, så er fisken i havet vår felles eigedom. Du kan stå på kaia og fiske til ditt eige forbruk, men ingen har lov til å fiske opp store mengder fisk og tene haugevis med pengar på dette. Med mindre ein har ei fiskekvote. Ei fiskekvote er ein rett til å hauste ei viss mengde fisk av våre felles fiske-ressursar. Det er eit slags unnatak frå lova om at fisken er alle sin, staten gjev einskilde personar lov til å hauste så mykje at dei kan ha det som yrke. 

Fiskekvoter er ein ganske ny ting i Norge. Dei blei ikkje innført før i 1990. Fram til då var det ingen grenser for kor mykje ein fiskar kunne fiske. Men med ny teknologi, meir effektive fangstmetodar og større og større båtar var dei norske fiskarar blitt altfor flinke på det dei dreiv med. Utover 80-talet blei torskebestanden vår overfiska og kraftig redusert. 

Myndigheitene skjønte at noko måtte gjerast. Dei innførte fartøykvoter, som betydde at kvar einskild fiskebåt berre kunne fiske ei viss mengd fisk. Dei som fekk kvote, fekk dermed moglegheita til å leve av å fiske. Men det var ikkje alle som fekk dette. For mange norske fiskarar kjendest det nok ganske vilkårleg at allmenningen som alle før kunne fiske på, nå blei stengt for alle utanom dei som var heldige og hadde fått kvote. 

Fartøykvoteordninga var tenkt som eit midlertidig verkemiddel for å dempe presset på torskebestanden. Den klarte heldigvis å bygge seg opp att, men fartøykvotene blei gjort permanente.

… men endte opp med å privatisere fiskeressursane

Etter kvart skjønte fiskarar og meglarar rundt omkring at verdien av desse kvotene var store. Sjølv om fisken er vår felles ressurs, vaks det fram ein marknad for å kjøpe og selje rettane til å fiske. Utover 2000-talet velsigna politikarane denne utviklinga, og gjorde det lov for fiskarar å kjøpe kvotene til andre båtar. Det er dette som blir kalla strukturering. Viss du hadde ei kvote, kunne du kjøpe opp kvotene til to andre fiskebåtar og dermed fiske tre gonger så mykje på båten din. Dei som selde kvotene sine, gjekk ut av næringa. Kort fortalt førte dette til at fiskekvotene gjekk frå mange små fiskebåtar, til færre og større båtar. Mange fiskeriavhengige kommunar langs kysten har mista ein stor del av næringsgrunnlaget sitt. 

Trass denne utviklinga, så har fiskerinæringa fortsett å vore svært viktig for lokalsamfunn langs kysten vår. Det er nemleg ikkje alle delar av den norske kystfiskeflåten som har blitt redusert som følge av politikken med kjøp og sal av fiskekvoter. For dei båtane som er mindre enn 11 meter lange, er det ikkje tillate å kjøp og selje kvoter. Av dei 6000 fiskebåtane me har i Norge, er det om lag 4700 av dei som er i denne gruppa med båtar under 11 meter. 

På ein slik båt arbeider det vanlegvis 1-2 personar, og den ei årleg omsetjing er på 1,5 – 2 millionar kroner. Den er ein effektiv matprodusent: I sesongen kan den kome i land med like mange kilo torsk på ein dag som eit middels norsk sauebruk leverer til slakteriet av kjøt på eit heilt år. I tillegg til dette blir det skapt aktivitet i lokalsamfunnet, ettersom båten leverer fisk på det lokale mottaket, reparerer båten på den lokale verkstaden og kjøper varer frå den lokale butikken.

En fisker i en liten trejolle

 For å fange eit tonn torsk, kan ein trålar bruke opptil fire gonger så mykje drivstoff som ein liten kystbåt

Det er forskjell på fiske og fiske

Dei mindre båtane i kystflåten fiskar også på ein miljøvennleg måte. Dei bruker det ein kallar passive reiskapar, til dømes garn, line og juksa. Når ein fiskar med desse reiskapane, lar ein fisken gjere mesteparten av jobben med å symje inn til kysten, og gå i garnet eller bite på kroken. Ein er også meir selektiv på kva slags fisk ein fangar, og at ein ikkje fangar ungfisk. 

Denne type fiske står i motsetning til fiske med aktive reiskapar, som til dømes not, trål og snurrevad. Aktive reiskapar vil seie at ein søker etter fisken, og drar nota eller trålen over fiskestimane. Ved å fiske på denne måten bruker ein langt meir drivstoff. For å fange eit tonn torsk, kan ein trålar bruke opptil fire gonger så mykje drivstoff (og dermed føre til fire gonger så mykje utslepp) som ein liten kystbåt som fiskar same mengda fisk med line. I tillegg til dette er aktive reiskapar mindre spesialiserte på kva dei fangar. Ein kan risikere å få meir ungfisk, eller andre fiskeslag. Ein del fiskeslag lever langt nede ved botnen av havet, og når ein trålar her øydelegg ein økosystemet ved å skrape opp havbotnen. 

På dei mindre båtane i kystflåten er det også mogleg for ungdom å etablere seg. Talet på fiskarar i Norge gått ned dei siste tiåra, men store unnataket frå dette er den gruppa med fiskebåtar under elleve meter. Sidan 2000 har denne gruppa vakse med 17 prosent på landsbasis, og 30 prosent i Nord-Norge. Auken er mange stader knyta til at ungdommar har etablert seg som fiskarar. Årsaka til dette er at dei ikkje treng å kjøpe dyre fiskekvoter. Som tidlegare nemnd er nemleg ikkje dette tillate for desse båtane. Dei minste kystbåtane representerer den viktigaste rekrutteringsarenaen i fiskerinæringa i dag. Foreløpig er det ingen politikarar som har klart å få gjennomslag for kjøp og sal av kvoter på desse båtane. Spørsmålet er kva framtida vil bringe. 

Fiskeridebatten kan av og til kjennast vanskal tene på dei rike fiskeressursane våre, og korleis me skal ta vare på fiskebestandane våre. Framtida til dei norske fiskeria er jo i utgangspunktet heilt avhengig av to ting: Om det er fisk i havet, og om det er ungdommar som vil drive med dette.

Tema, fiskeri, Fornybar, Mat