Bokens cove, viser hengt fisk, og surferjente i bakgrunnen

OPPDRETTSDRAMA: Brødrene Vega fra Kagge forlag løftes av humoren mener Putsjs anmelder.

Fishy business

BOK: Ei skiten oppdrettsnæring, gærne miljøterroristar og shady milliardærar. Med eit fargerikt persongalleri, mørk humor og satire har Lars Lenth forfatta ei underhaldande bok i Brødrene Vega

Skrevet av:

Gaute Eiterjord

Leiar i Natur og Ungdom

Brødrene Vega av Lars Lenth handlar om ein ung miljøkrigar frå Bærum som sprenger eit oppdrettsanlegg i Brønnøysund i Nordland, i trua på at det vil hjelpe den forureina fjorden og den stakkars oppdrettslaksen. Oppdrettsgigantane Torvald, Einar og Gunnar Vega set i gang jakta på sabotøren og skyr ingen midlar for å få kloa i han.  

Det dannar opptakta til ei historie om maktsjuke menneske, korrupsjon, ekstremisme, og folk som byrjar å innsjå at dei har mista draumen og ideala dei ein gong hadde. Bakteppet er også den lokale oppdrettsnæringa, som har gått langt over streken når det gjeld å drive med respekt for miljøet. Vega-brørne har harva godt og lenge over fjorden ved å gi blaffen i miljøfaglege råd. Kor lenge kan dei fortsetje før den fæle sanninga kjem for ein dag?  

Trass dramatikken: Dette er ikkje ei mørk bok, som ein kanskje kan få inntrykk av. Tvert i mot minnar skrivestilen til forfattaren på mange måtar om den britiske humorforfattaren Douglas Adams og hans Haikerens Guide til Galaksen-bøker. Den kan også minne litt om bøkene til Knut Nærum, berre langt mindre absurd.  

Humoren er i alle fall på plass, og er i mi meining det som løftar ei handling som elles ikkje er meir enn heilt grei. Forfattaren tar ting på kornet. For eksempel er den idealistiske miljøkrigar-dyrevernaren frå Bærum medlem av Norsk Miljøfront, ein utbrytarorganisasjon av Norsk Miljøforbund, som igjen er ein utbrytarorganisasjon frå Norges Miljøvernforbund. Som i si tid var ein utbrytar frå Norges Naturvernforbund.  

Dette er ikkje den einaste humoristiske parodien på miljødebatten, også persongalleriet tøysar med miljøvern-stereotypiane. Ein har hardingen som vil «tilbake til naturen», den ekstreme dyrevernaren, den korrupte forskaren, investoren som skal grønvaske seg sjølv. Og sjølvsagt dei skruppelause rikingane som står bak alt saman, som gir katta i villaksens ve og vel så lenge aksjekursen ikkje søkk til botns.  

Summa summarum: Om du er interessert i ei lettfatteleg soge med eit humoristisk skråblikk på oppdrettsdebatten, vil eg tilrå deg å sjekke ut Brødrene Vega.