
- Denne boka er ei viktig rettesnor i dagens debatt om olje og klima
ANMELDELSE: Internasjonalt vil Norge vere klimahelt men på heimebane pumpar me opp olje som berre det. Kva skjedde med dei gode intensjonane? Det skriv Anne Karin Sæther om i si nye bok De beste intensjoner – oljelandet i klimakampen.
Med omfattande bruk av kjelder og intervju viser Sæther korleis norske klimamål har endt opp med å drukne i olje.
Om boka:
De best intensjoner - oljelandet i klimakampen er skriven av Anne Karin Sæther. Boka ble gitt ut av Cappelen Damm i 2017. Sæther er tidlegare kommunikasjonssjef i Bellona, og har jobba i Utdanningsforbundet. Boka fekk terningkast fem av Aage Borchgrevink i Dagbladet.
De beste intensjoner – oljelandet i klimakampen av Anne Karin Sæther er eit etterlengta innlegg i debatten om olje og klima. Sæther skriv om den store norske klimaelefanten i rommet: At Norge vil vere eit føregangsland for klimaet samstundes som me riggar oss til for å utvinne så mykje olje som mogleg. Med omfattande bruk av kjelder og intervju viser Sæther korleis norske klimamål har endt opp med å drukne i olje.
Annleis oljepolitikk
I boka tar Sæther oss med på eit djupdykk i norsk olje- og miljøhistorie for å finne ut kva som skjedde med dei gode intensjonane. Ho tar oss med tilbake til oljepolitikken på 70-talet, og viser korleis Norge i starten ville gå varsamt fram med den plutselege rikdommen sin, men etter kvart blei stadig meir ivrig etter å produsere mest mogleg. Ho viser og den parallelle utviklinga av miljøpolitikken frå 80-talet til i dag. Me får sjå korleis einskilde politikarar, mellom anna Jens Stoltenberg, tidleg skjønte at klimapolitikken kunne kome til å motarbeide oljepolitikken.
Flere anmeldelser: Havboka av Morten Strøksnes
Høge utslepp og låge klimamål
Sæther viser korleis dei norske politikarane rett etter å ha vedtatt dei første klimamåla, fjerna alle restriksjonar på olja. Ho fortel korleis etableringa av Oljefondet, diverse skattefordelar for oljeindustrien og hyppigare tildeling av areal (helst langt mot nord og i sårbare område) i sum har ført til høgare utvinningstempo. Boka har fleire intervju med personar som har vore sentrale i denne historia, noko som fungerer bra for å bryte opp den faglege teksten og gjere historia levande.
Norge vil vere eit føregangsland for klimaet samstundes som me riggar oss til for å utvinne så mykje olje som mogleg.
Grønvasking på tynn is
I De beste intensjoner analyserer Sæther også korleis politikarar og oljeselskap har argumentert for å forsvare auka norsk oljeutvinning i ei tid kor mange har innsett at olja er ein grunnleggande årsak til klimakrisa. Mellom anna ser ho på måten oljebransjen gjennom 2000-talet gjekk inn for å grønvaske seg sjølv, og byrja å kople olje til behovet for å gi dei fattige i verda energi. Sæther går gjennom faktagrunnlaget og viser korleis denne argumentasjonen verkeleg er på tynn is.
Les også: - Lureri fra Olje- og energiminsteren
Oljebygda
Sæther tar også føre seg den tette kontakten som finst mellom oljeindustrien, politikarane og byråkratiet i «Oljebygda» Norge. Ho viser oss korleis dei ulike aktørane kjenner kvarandre, og skiftar roller mellom presse, politikk og forvaltning. Me får også sjå korleis oljelobbyen arbeider for å få gjennomslag for si oppfatning av verkelegheita og for å etablere «sanningar» som at norsk olje er den reinaste i verda.
Denne boka er ikkje berre spennande, lærerik og pedagogisk skrive, men og ei viktig rettesnor i dagens debatt om olje og klima.
Viser kor skapet skal stå
Denne boka er ikkje berre spennande, lærerik og pedagogisk skrive, men og ei viktig rettesnor i dagens debatt om olje og klima. Særleg for miljøengasjerte er den gull verdt, ved at den lar oss sjå det litt større biletet i kampen mot olje i Nord. Med fallande oljeprisar dei siste åra har det blitt skapt ein debatt om omstilling av Norge, men og om kva slags inntekter som skal finansiere velferdsstaten i framtida. Mange norske politikarar vil meine at oljeindustrien skal ture å gå i hundre år til, og at det ikkje utgjer nokon risiko for klimaet. Då er det bra at me har Anne Karin Sæther som verkeleg viser kor skapet skal stå.