Demonstranter emd #blacklivesmatter-plakater

Black lives matter-kampanjen var massemobilisering som fungerte, meiner innleggsforfatteren. Foto: 5chw4r7z/Flickr

Aktivisme+internett=sant?

KRONIKK: Ein kjem ikkje utanom Internett som moderne aktivist, men fungerer det eigentleg å drive aktivisme på nettet?

Skrevet av

Gjertrud Øvretveit

Sentralstyremedlem i Natur og Ungdom

Nettaktivisme finst i mange former, og er like forskjellige som menneska bak dei. Det kan vere grunnleggaren av WikiLeaks, Julian Assange, som publiserer hemmelegstempla dokument i kampen for eit opnare samfunn. Det kan vere eit opposisjonsparti som tweetar til tusenvis av følgjarar at den sitjande regjeringa har gjort noko gale. 

Eller det kan vere eit medlem i Natur og Ungdom som deler eit bilete med hashtaggen #jeglenkermeg. Det alt dette har til felles, er at det hadde vore umogeleg f.r Internett. Kort sagt – dei siste 20 åra har måten aktivistar jobbar på blitt endra for alltid. På godt og vondt. 

Det som kanskje er den største endringa er at det har blitt enklare å spreie informasjon. Før var ein avhengig av å kome på Dagsrevyen eller bli vener med ein journalist i ei stor avis for å bli lytta til. No kan du nå tusenvis med eit godt Facebookinnlegg eller med emneknagg #dax18 på Twitter. Med kampanjar som #jegharopplevd og #blacklivesmatter har enkeltindivid gått saman for å informere om noko ein vanlegvis risikerer å bli kalla hysterisk eller dramatisk om ein snakkar høgt om.  

Massemobilisering som funkar

Men aktivisme er ikkje berre å spreie informasjon. Skal ein få til endringer, må ein få med andre på å bidra. Eit godt eksempel på dette er YouTube-prosjektet «Project for Awesome». I 2007 starta brødrene Hank og John Green opp eit prosjekt dei kalte «Brotherhood 2.0.» på kanalen sin «Vlogbrothers» på den nye plattformen YouTube. Tanken var å kommunisere med kvarandre berre med tekst i eit heilt år. Den gang hadde dei cirka 500 sjåarar.  

Sidan den gong har følgjarskara deira vakse til 2,8 millionar abonnentar på YouTube, og John Green vart i 2014 kåra til ein av verdas 100 mest innflytelsesrike folk av TIME Magazine. Dei når med andre ord langt ut, og vel ofte å nytte dette til å oppmode sjåaren til å røyste, eller engasjere seg i politikk og humanitært arbeid. Gjennom prosjektet «Project for Awesome», ein 24-timars livestream med Green-brødrene og ymse andre YouTube-personlegdomar får dei sjåarane til å donere pengar til prosjektet og røyste på den saka dei har lyst å støtte. I fjor fikk prosjektet inn 1,5 millionar dollar, og begge to har fått anledninga til å møte USA sin president, Barack Obama, for å snakke om saker dei synest er viktige.  

Og for å kalle ein spade for ein spade, så er det jo jæskla kult at to tilfeldige folk kan mobilisere sæå mange menneske over heile verda til å engasjere seg. Folk frå USA til Kina til Bangladesh og Kongo sat der og gav pengar til veldedige føremål! I ei verd der vi jamnleg ser kritiske teikningar om mobiltelefonar som et opp fjeset til folk og den oppvaksande generasjon blir kritisert for å sitje med fjeset i skjermen og aldri gjere noko samfunnsnyttig, er det sjukt fint å kunne dra fram gode eksempel på kva ein kan få til med internett. Ein kan få til ting som aldri hadde vore mogeleg for 20 år sidan. 

Slacktivism – Når nettaktivisme feilar

Men trass i at heile verda no ligg føre føtene dine, og suksess ofte kjenst ut som om det berre er eit tastetrykk unna, så er det ikkje alltid like enkelt. Saman med nettaktivisme kom omgrepet «Slacktivism». Dette omgrepet omfattar alt det du gjer på nett som får deg til å kjennast at du har engasjert deg, utan å eigentleg løfte ein finger eller påverke den faktiske situasjonen. Som å like eit innlegg på Facebook, eller kanskje berre sjå ein video om noko og skrive ein sint kommentar.  

Ei av årsakene bak dette handlar om korleis informasjonsspreiing på nett fungerer. Det blir bort ein konkurranse om kven som kan rope høgast og gjere si sak mest mogeleg «klikkbar». For å få merksemd, må du ha den mest grusomme saka, dei mest sjokkerande fakta og spele nok på folk sine kjensler til at akkurat di sak skil seg ut frå massane. Viss ikkje, endar du opp med eit opprop som 35 personar har skrive under på. Det er i beste fall ein flopp, og i verste fall kan det bli brukt mot deg – dersom ingen har skrive under på det, betyr det at ingen bryr seg.  

Om du mot formodning skulle lukkast i å nå ut, kan det vere vanskeleg å nå lenger enn eit klikk. Folk blir bombadert med inntrykk heile dagen, og om dei ser noko som går innpå dei, så deler dei det på Facebook eller diskuterer det på Twitter. Men det dei nesten garantert ikkje gjer, er å engasjere seg nok til å snakke med beslutningstakarar eller bli aktiv i ein organisasjon. Nettet har, på mange måtar, gjort det enklare å sluntre unna med æra i behald. 

Kony til skrekk og åtvåring

Eit skrekkeksempel på nettaktivisme «gone wrong» er kampanjevideoen «Kony 2012», laga av organisasjonen Invisible Children.  

Du hugsar den kanskje godt. I løpet av filmen blir det teikna eit bilete av den grusomme krigsherren Joseph Kony som herjar det sentrale Afrika, kidnappar barn og tvingar dei til å bli barnesoldatar i hæren hans. Idet du sit der og tørkar tårene, blir du oppmoda til å dele filmen for å tvinge beslutningstakarar til å «Stop Kony». Som kampanje i seg sjølv var den fenomenal – den gjekk viralt, vart sett over 100 millionar gonger og alle var einige om at Kony var det verste mennesket i heile verda. Men så floppa det, idet ekspertar kom frå alle hold og sa at den ikkje holdt vatn.  

Heile kampanjen var ei farse frå ende til annan. For det første er det problemet med feilinformasjon. Organisasjonar, universitetsprofessorar, forskarar og lokalbefolkninga i dei berørte områda kritiserte den for å presentere eit forenkla bilete av situasjonen, og til dels påstandar som rett og slett var løgn. I tillegg er det lite effektivt å seie at om du berre deler denne videoen, så har du gjort ditt. Dette førte til at Invisible Children blei beskulda for å oppfordre til slacktivism – å dele og like ting for å føle at du har bidratt, sjølv om du eigentleg ikkje har påverka situasjonen.  

Internett er eit komplisert verkøy å bruke i kampen for eit betre miljø og eit levelig klima. Twitter er vanskeleg, Facebook sine algoritmer kan vere vanskelege for einkvar å forstå seg på og det er ikkje så lett å vite korleis ein skal få dei på andre sida av skjermen til å engasjere seg. Men ein må jo berre prøve! Når alle dei viktige diskusjonane er flytta over på sosiale medier, blir du iallfall ikkje lytta til om du ikkje eingang prøver å vere ein del av det. 

Så spre informasjon, mobiliser til kampanjer og opprop og få folk ut i gatene som best du kan!  Men når du sit der og blar gjennom Facebook og ser eit innlegg som gjer deg sint, tenk deg om to gonger før du berre trykker «liker» og fortset å bla. Er dette noko du har lyst å bruke tid og krefter på å faktisk gjere noko med og bli ordentleg engasjert i? Det er lett å føle at ein har engasjert seg berre ved å bli sint ogskrive ein kommentar, og så gløymer ein lett atenkelte ting er verdt å ta ordentlig tak i. Det må vere greit å vere litt slacktivist iblant, det er vi alle. Så lenge ein hugsar på at enkelte ting er verdt å gå den ekstra mila for. 

Tema, Aktivisme, internett, internasjonalt